Ole André Westerheim med den nye plata si, «Utanfor alt». Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Førstkomande laurdag blir det konsert med Ole André Westerheim på Arena på Stord. Med på konserten er i hovudsak dei same som var med og spelte inn plata «Utanfor alt». 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Som kjent gav Ole André Westerheim ut platealbumet «Utanfor alt» den 9. april, med blant anna singelen «Satan på veggen», som kom ut 1. februar.

Dei andre involverte i innspelinga av plata er Alf Erik Fylkesnes (trommer, studioteknikar, produsent, miksing), Severin Vik (gitar), Øystein Heide Aadland (tangentar), Mathias Agdestein Steffensen (bass) og Ingrid Bergesen (kor).

Laurdag blir det releasekonsert i samband med platesleppet. Her blir dei same musikarane med, bortsett frå at Øystein Heide Aadland på tangentar blir erstatta av Dag Sleen, og i tillegg blir Synnøve Hagen Leseth med og syng.

Berre lokale artistar

Alle artistane er frå Stord eller Fitjar, og med unntak av nemnde Dag Sleen er alle yngre enn Ole André. Den 26 år gamle artisten set pris på å presentera ein gjeng unge, lokale musikarar frå Stordøya.

- Annonse -

Ole André har laga tekst og melodi til alle låtane sine sjølv. Han synest det er lettast å uttrykkja seg på sit eige mål, og skriv på «kav» dialekt. Musikken er tradisjonell pop og rock, og alt er gjort ekte. Alt er spelt inn live, der og då, i løpet av ei helg i Etne. Ein av låtane, «Jenta i varmen», har ikkje blitt spelt offentleg før.

Plata vil bli å få kjøpt på laurdagens konserten. Ole André fortel elles at han tar imot bestilling og leverer på døra til folk her på øya, eller sender i posten. Du kan òg høyra plata via streamingtenester.

Ole André Westerheim er godt kjend på Stord i rolla som Freddy Mercury.

Fleire lyttarar i Finland enn i Sagvåg

Her kan Ole André følgja med på kor mange som høyrer på plata hans, og litt om kven dei er. Han har lyttarar i heile 30 land, men hovudtyngda er i Oslo-området og er mellom 30 og 50 år. Han legg til at han synest det er litt underleg at han har fleire lyttarar i Finland enn i Sagvåg!

Å bli høyrt av mange på streamingtenester er det ikkje mykje økonomi i, vedgår Ole André, men det hjelper til å få spreidd musikken. Artistar tener meir på å spela live, og det er derfor mange artistar turnerer meir enn før, meiner han.

Den lokale plateartisten frå Fiskaneset i Dåfjorden lovar ein utruleg triveleg kveld på Arena med fleire overraskingar og sjølvsagt ein skikkelig releasefest etterpå. Dørene opnar kl. 21.00, og han reknar med at konserten startar rundt kl. 21.30. Dei frammøtte skal sjølvsagt få oppleva «Utanfor alt» i sin heiskap, lovar han, og i tillegg mange andre favorittar, kanskje til og med noko Queen.

- Annonse -