Sjøfartsdirektør Olav Akselsen er alvorleg sjuk. Foto: Steinar Haugberg/Sjøfartsdirektoratet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabu og sjøfartsdirektør Olav Akselsen er alvorleg sjuk.

Det er Sjøfartsdirektoratet som måndag opplyser om den triste nyhenda i ei pressemelding.

– Olav Akselsen har fått påvist kreft (hjernesvulst) og skal gjennom ei krevjande behandlingsperiode. Lars Alvestad vil fungere som sjøfartsdirektør inntil vidare, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Sjukemeldt sidan nyttår

Han fortel at det var ein tøff beskjed for kollegaene å få melding om at Akselsen er blitt alvorleg sjuk.

– Dette var ein tøff beskjed å få, først og framst for Olav og familien, men også for oss kollegaer. Me veit at han har gode folk rundt seg og me ser fram til å ha han tilbake i Sjøfartsdirektoratet etter kvart.

Akselsen har vore sjukemeldt sidan årsskiftet.

- Annonse -
- Annonse -

– Me gjekk ut i januar med den første meldinga om at han var sjukemeldt, me då visste me ikkje noko om alvorlegheitsgraden av dette. At me no går ut med informasjon om kreftsjukdomen er eit personleg val han sjølv har teke, seier Aarhus til Stord24.

- Annonse -

Ber om ro

Olav Akselsen sin son og tidlegare leiar i Stord AUF, Ulvar Akselsen, ber om at familien får ro i den vanskelege tida.

– Familien går no gjennom noko tøft, og set pris på vere litt i fred. Eg og resten av familien har både tru og håp om at dette kjem til å gå fint, skriv Ulvar Akselsen på Facebook.

Olav Akselsen frå Stord har vore ein profilert Ap-politikar i ei årrekkje. Han var innvalt på Stortinget frå 1989 til 2009, og var olje- og energiminister under Stoltenberg I-regjeringa frå 2000 til 2001.

Akselsen blei tilsett som sjøfartsdirektør då han gav seg i politikken i 2009. Han er 53 år gammal.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -