Olaug Haugen er rådmann i Fitjar. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen i Fitjar avviser den sterke kritikken som kjem frå Landslaget for nærmiljøskulen, som skriv at Fitjar kommune ikkje har heimel til å leggje ned grendaskulane.

I går skreiv Fitjarposten om Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS), som i eit brev til Fitjar kommune skriv at kommunen ikkje har heimel for å legge ned Selevik og Øvrebygda skular.

LUFS grunngjev dette med at skulenedlegginga ikkje er omtalt i eit overordna styringsdokument i kommunen. Fitjar har nemleg ikkje ein gyldig samfunnsdel i gjeldande kommuneplan. Den var nemleg sist rullert heilt tilbake i 1999.

– Sterke påstandar

Rådmann i Fitjar, Olaug Haugen, fortel at ho eigentleg ikkje hadde tenkt å svare på innspel om skulebruksplanen før utvalsmøtet 2. oktober. Men ho gjer eit unntak.

– Me mottek mange høyringsuttalar, og me vil uttale oss samla når me legg fram saksframlegget. Men det er sterke påstandar som kjem fram i uttalen frå LUFS, difor vel me å svare på akkurat denne.

Haugen erkjenner at det er uheldig at samfunnsdelen i kommuneplanen til Fitjar ikkje er gyldig når skulesaka skal behandlast.

- Annonse -

– Det er riktig at Fitjar har ein gammal samfunnsdel av kommuneplanen, og det har me sett er uheldig. Det er det berre å beklage. Difor vil me i neste møte til formannskapet legge fram planstrategien til kommunen, der dette vil bli behandla.

Usamd i kritikken

Haugen er likevel usamd i konklusjonen til LUFS om at kommunen ikkje har heimel til skulenedleggingane på bakgrunn av den manglande planen.

– Me er ikkje einig i dette. Plan- og bygningslova set ikkje krav til rekkjefølgjeavgjersler. Lova seier at det skal vere samanheng i planverktøya, og at det er krav om ein samfunnsdel. Men det er ikkje sett opp noko rekkjefølgjekrav.

Haugen meiner budsjettsituasjonen i Fitjar kommune gjer at ein ikkje har tid til å vente på at ein ny samfunnsdel av kommuneplanen er på plass.

– Det er eit tidkrevjande arbeid som krev administrativ kapasitet, og det vi gå eitt til to år før me startar opp fram til samfunsdelen er på plass. Dette er ikkje gjort i ei handvending.

– LUFS meiner dette har preg av å vere ei hasteavgjerd?

– Dette er ingen hasteavgjerd på nokon måte. Kommunestyret vedtok i fjor haust at arbeidet med skulebruksplanen skulle starte opp, og vedtok samtidig eit innsparingskrav i skulesektoren. Då var det ein tydeleg bestilling at skulebruksplanen skulle vedtakast hausten 2018.

Vil bli lagt ned til skulestart i 2020

Haugen peikar også på at skulane ikkje kjem til å bli nedlagde umiddelbart etter vedtaka er fatta.

– Etter vedtaket i oktober er fatta vert det gitt halvtanna år i iverksetjingsfase. Elevane vil difor ikkje bli flytta til Rimbareid skule før hausten 2020. Så me meiner me har ein god planfase.

Den nye rådmannen i Fitjar var også engasjert i ei tilsvarande skulesak då ho var rådmann i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Haugen måtte gi opp planane om ein ny felles barneskule for heile Averøy kommune etter mykje motstand frå befolkinga.

– At ein jobbar som rådmann i forskjellige kommuar med skulestruktur er ikkje uvanleg. Det er ganske vanleg at endringar skjer i dei største sektorane som kommunen har ansvar for, både oppvekst og omsorg. Også Averøy sto i ein slik diskusjon.

– Er dette erfaringar du drar nytte av i denne prosessen?

– Ein tek jo med seg all kunnskap ein har frå tidlegare jobbar. Men alle kommunar er unike, og problemstillingane krev lokale prosessar og lokale vurderingar. Me kan lære noko om prosessane, men konkrete diskusjonar må berre skje i den lokale situasjonen.

- Annonse -