Loge Håkon Den Gode på Stord har gitt 74.000 kroner i nasjonal innsamlingsaksjon for å gi Redningsselskapet ny redningsskøyte.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

LESARBREV: Logen skal gi 50.000 kroner til gode, lokale føremål.

Av: Kjell Vestrheim, leiar
Loge Håkon Den Gode, Nemnd for utovervend arbeid

Etter at rekneskapen for 2018 var avslutta kunne Loge Håkon Den Gode på Stord dela ut kr. 50.000,- til gode formål. Logen ville dela ut til sjukeheimar i dei kommunane dei har medlemer, kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord. Det vart i tillegg gjeve pengegåve til Frelsesarmeen på Stord, Fatland Aktivitetshus «Haug og Hammar», SAM-prosjektet på Haukeland universitetssjukehus og til Redningsselskapet.

SAM-prosjektet er eit tilbod til pasientar og pårørande på kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Tilbodet går ut på å servere kaffi og mat til pasientar og pårørande når pasientane er under stråle- og cellegiftbehandling. Tilbodet er frå måndag til og med fredag og er eit prosjekt vi har saman med alle logane i Bergen, Sogn og Fjordane og i Nord Rogaland.

I tillegg til gode lokale formål, har logen støtta Landssaken, som er eit felles prosjekt for alle logane i Noreg. I perioden 2016 -2019 skal det samlast inn 25 millionar og pengane går til ei ny redningsskøyte, den tredje i rekka, som blir gitt til Redningsselskapet av Odd Fellow og skal bera namnet «Odd Fellow III». Frå den lokale Loge Håkon Den Gode er det gjeve kr. 74.000 til dette prosjektet. Skøyta vert døypt i Oslo den 26 april 2019.

- Annonse -

Torsdag 7. februar var representantar frå dei einskilde mottakarar av gåvene inviterte til ei samling i Loge Håkon Den Gode sine lokalar på Leirvik. Dette blei eit fint høve til å få fortelja litt om logens samfunnsarbeid og vi i logen fekk høyre kva mottakarane av midlane driv med og kva pengane blir brukt til.

- Annonse -
- Annonse -

Leiar i «Nemnd for utovervend arbeid», Kjell Vestrheim, fortel ar nemnda har ansvar for alt sosialt og humanitært arbeid i logen og dei skaffar seg inntekter ved å jobba dugnad, basar ein gong i året og lotteri på møter. Når rekneskapen er avslutta er det nemnda sitt arbeid å koma med forslag til tildeling av gåver.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -