Tydelege spor etter lirype i hallinga aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet på Fitjar i går. Til høgre er det ei rype som har gjort frå seg. Foto: Arne Devik.
- Annonse -

Friluftsmannen Arne Devik fortel at han såg ein heil flokk ryper i fjellet under skituren sin i Fitjarfjellet i går.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Han fortel at han såg fem fjellryper og tolv liryper i området aust for Mosavatnet og sør for Grønafjellet i godvêret i går.

Arne Devik har vakse opp med rypejakt og snarefangst i Trøndelag og veit godt kva han snakkar om. Han fortel at dette er første gongen han har sett rype i Fitjar, etter at han flytta hit for 20 år sidan. Underteikna har ikkje sett rype her på øya sidan 1960-talet, så dette er ein aldri så liten sensasjon.

Naturfotograf Jan Rabben på Stord stadfestar at rype er ein sjeldan gjest i fjellet hos oss. Han har sett rype fleire gonger, blant anna på Mehammarsåto, men det skjer slett ikkje kvart år, seier han.

Rabben er imponert over at det var så mange ryper, og at det er liryper. Han trur dei kjem fykande utover til oss fordi det er endå meir snø lenger inne i landet.

- Annonse -

Arne Devik har ingen problem med å sjå forskjell på lirype og fjellrype, sjølv om begge er kvite no om vinteren. Fjellrypa er litt mindre, og hannen har ein svart strek. Lydane er også ulike; lirypa kaklar medan fjellrypa kurrar, sier han. Elles er det lett å sjå forskjell på spora. Lirypa tar lange steg, men fjellrypa voggar frå side til side og lagar spor som liknar på perleband.

I følgje Store norske leksikon kan lirypa i snøvintrar trekkje ned i låglandet og i flokkevis heilt ut på øyar i Sør- og Aust-Norge. Fjellrypa kan trekkje ned til fjell over 400 meter over havet på Vestlandet.

Devik kom ikkje nær nok til å ta gode bilete av fuglane, men bileta hans viser tydelege spor etter lirype:

Lirypespor aust for Mosavatnet i går. Til venstre på biletet Grønafjellet. Foto: Arne Devik.

- Annonse -