Fra Venstre: Levent Smakiqi, Øyvind Hansen, Marius Monsrud, John Andre Njåstad, Ole Morten Lie. Foto: IL Solid
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Marius Monsrud skal vere Solid sitt herrelag sin hovudtrenar neste sesong.

– Det er viktig for klubben at me klarar å få opp eigne trenarar som har ønske, engasjement og vilje til å utvikle enkeltspelarar, laget og klubben vidare. Det er derfor med stor glede og stolthet me no kan presentere vårt trenarteam for 2019, skriv klubbleiar Torleif Værøy i ei melding. 

Inn som ny hovudtrenar kjem Marius Monsrud, som inntil no har vært ein del av
spelarstallen i Solid. Med seg i trenarteamet får han
Ole Morten Lie, John Andre Njåstad,
Levent Smakiqi
, og Øyvind Hansen som er trenarveiledar i klubben.

Klubben skriv at dei det siste året hatt stort fokus på trenarutvikling. Dei har ein utdanna trenarveileder og mange trenarar i klubben deltek i utdanning til å bli såkalla Grasrottrenar.

– For Solid er det viktig at dette blir ei trenargruppe som utfyller kvarandre. Alle desse er personar som kjenner klubben godt. Dei har vært ein del av spelarstallen i fleire år. Dei har utfyllande erfaringar frå fotballen. Alle er godt i gang med utdanning som fotballtrenar.

Værøy skriv at det er viktig for klubben i Sagvåg å satse på sine eigne for å finne trenarar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Solid Fotball har som eit uttalt mål å utdanna og nytta seg av trenarkrefter frå eigen klubb. Då me for 5 år sidan satt i gang prosjektet Solid-Xtra, der me ansatte ein eigen seniortrenar, trenar- og spelarutviklar, hadde me som mål og tilføra klubben erfaringar og kunnskap som me ikkje hadde på dette tidspunktet.

– Gjennom prosessen med Solid-Xtra er klubben, spelarar og fleire trenarar blitt tilført kunnskap som me no ønskjer å hauste frå.

Klubben trur satsinga på trenarkompetanse gjer dei godt rusta til neste sesong.

– Det at me no gjer ansvaret for herrelaget til unge trenarar som har vært ein del av klubben i mange år, gjer at me større grad får fundamentert klubben sine verdiar og ønske inn i laget. Solid fotball er overbevist om at dette vil være med å styrka laget mot ein tett og spanande sesong, skriv Værøy.

- Annonse -