Foto: NIAID
- Annonse -

Av 186 personar testa har fire personar i Stord kommune no fått påvist Covid-19.

Talet på koronasmitta aukar raskt i Norge, og er no oppe i eit tal på 4107 personar ved midnatt laurdag. Dette er ei auke på 262 tilfelle det siste døgeret.

På Stord har det ikkje vore snakk om ein liknande vekst i smittetilfelle, men laurdag melder Stord kommune at eit nytt smittetilfelle er kome til.

Dermed er talet på smitta på Stord no fire personar.

I Sunnhordland er det Fitjar kommune som er klart hardast råka til no. Med tre smittetilfelle har Fitjar eit smittetal på 0,94 per 1000 innbyggjar.

Stord kommune har eit tilsvarande smittetal på 0,22. På Bømlo er smitta endå lågare, med eit smittetal på 0,15.

- Annonse -

Kvinnherad kommune fek fredag to nye smittetilfelle og er oppe i totalt fem. Kvinnherad er dermed oppe i eit smittetal per 1000 innbyggjar på 0,38.