Lege ved koronasentralen på Stord, Kristine Borgemyr, fortel om eit svært hektisk arbeid som følgje av smittesituasjonen i kommunen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Onsdag ettermiddag melder Stord kommune om at endå ein stordabu har fått påvist Covid-19.

Meldinga kjem berre timar etter at kommunen opplyste om smitte på Rommetveit skule. Der har no 30 personar hamna i karantene etter å ha blitt definerte som nærkontaktar.

Det nye smittetilfellet er ei kvinne i 50-åra som vart meldt Covid-19-positiv etter test tysdag.

– Isolert og ikkje alvorleg sjuk. Ukjent smitteveg, men truleg frå annan kommune. Sporing avslutta og få nærkontaktar, skriv kommunen.

Ifølgje Kristine Borgemyr, lege ved koronatestsenteret på Stord, har det nye smittetilfellet ingen samanheng med det førre tilfellet meldt onsdag morgon.

– Nei, dette er to uavhengige tilfelle, stadfester ho.

- Annonse -

– Kva tenkjer de om at det oppstår to smittetilfelle med ulik smitteveg?

– Det er ikkje uventa med tanke på at det har vore vinterferie. Me har vore førebudde på at me no ville ha fått positive tilfelle, seier Borgemyr.

Smittetalet i Stord kommune er no oppe i 209.