Ordførar Harald Rydland (Krf) uttrykker å ha full tillit til avgjerda til smittevernlegen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad, Fitjarposten
- Annonse -

Ordførar Harald Rydland melder i dag om ein ny person som har testa positivt for Covid19.

– Det er i dag, den 15. januar, meldt om eitt nytt smittetilfelle i Fitjar. Vedkomande har arbeid i annan kommune og oppheld seg mest der. Det er truleg få nærkontaktar i Fitjar.  Smittekjelda er kjend, og det vert no gjennomført registrering av nærkontaktar, melder Rydland.

Førre smittetilfelle vart registrert 23.12.20. Sidan våren 2020 har Fitjar kommune til saman hatt 21 tilfelle.  

Ordføraren kan elles melda om at vaksineringa er i godt i gong. 

– Den vil halda fram etter kvart som me får tilsendt nye dosar. Vaksinen vert delt ut i tråd med prioriteringa som du kan lesa meir om på Fitjar sine heimesider.

Ordføraren vil slutt minna om dei nasjonale tiltaka, som i første omgang gjeld til og med 19. januar. 

- Annonse -

– Det er viktig at me føl dei nasjonale råda fullt ut, sjølv om me for tida har lågt smittepress i Fitjar.  Er me flinke no kan me unngå ei omfattande tredje bølge med koronasmitte!