Koronatesting på Bømlo. Foto: Bømlo kommune
- Annonse -

Ein utanlandsk arbeidarar har testa positivt for Covid-19.

– I går ettermiddag fekk me melding om at ein person har testa positivt på Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene. Det er ingen risiko for smittespreiing, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Prøven vart teken rutinemessig i samband med arbeidsoppdrag, opplyser Bømlo kommune.

Personen er innleigd frå utlandet til ei lokal verksemd og har vore i karantene sidan han kom til Bømlo i tråd med gjeldande retningslinjer.

– Me ber lokale verksemder om å vere ekstra merksame på desse rutinane framover, og det er noko kommunal kriseleiing også har høgt oppe på si saksliste, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Det totale smittetalet på Bømlo er no oppe i 6.

- Annonse -