Lokallaget til AUF består av (f.v.) Tiril Kehr, Cecilie Arnevik Sæbø, leiar Ulvar Akselsen og Ole Petter Stokken Olsen. Femtemann er ikkje med på biletet. Foto: AUF Stord
- Annonse -

Etter to år i dvale har AUF sitt lokallag på Stord vakna til liv.

Førre veke vart det blåst nytt liv i det som no blir det tredje aktive ungdomspartiet på Stord. AUF Stord har vore i dvale i eit par år, men er no klare for å gjere seg synlege i Stord-samfunnet.

– Eg ​​føler​​ eg ​​kan ​​snakke ​​for ​​alle ​​​​Stord​ ​AUF​ ​når ​​eg ​​seier​ ​at ​​me ​​er ​​med​​ i​​ AUF ​​for å​​ forandre ​​lokalsamfunnet ​​og​​ påvirke​​ politikken ​​​​lokalt,​​ regionalt​​ og​​ på landsbasis, seier leiaren for ungdomsrådet, Ulvar Akselsen (15) som også er engasjert i Ungdomsrådet på Stord.

Vil bli fleire

Dei fem medlemmene som er med i startfasen skal no prøve å bli større, og det manglar ikkje på aktuelle politiske saker som dei kan engasjere seg i.

– No i startfasen er me i AUF veldig gira på å prøve og verve nye medlemmar. Ei sak som engasjerer mange akkurat no er dei nye bussrutene og saka om skuleskyss som er oppe til diskusjon no.

- Annonse -

Lokallagsleiaren er trygg på at ungdomspartiet denne gongen er kome for å bli på Stord.

– Sidan me er i oppstartsfasen akkurat no så tenkjer me å vise oss fram og vise at Stord AUF er tilbake, og denne gongen for godt, seier Akselsen, som for øvrig er son til tidlegare olje- og energiminister Olav Akselsen frå Stord.

Tredje ungdomspartiet

AUF Stord består førebels av fem medlemmer. Ulvar Akselsen (leiar), Cecilie Arnevik Sæbø (nestleiar), Tiril Kehr (sekretær), Ole Petter Stokken Olsen (styremedlem) og Adam Bathatho (styremedlem).

Lokallaget blei formelt stifta i førre veke, då dei hadde besøk av fylkessekretæren i AUF og nokre medlemmar frå Bergen AUF på eit oppstartsmøte.

Tidlegare i år vart det også blåst liv i Unge Høgre på Stord. Frå før har Sosialistisk Ungdom hatt lokallag på Stord i fleire år.

https://www.facebook.com/StordAUF/posts/111888012907248

- Annonse -