Geir Raudstein Aasheim (f.v.) og Anders Fosse er stolt av å presentere den nye friidrettsgruppa til Solid.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

IL Solid har starta opp ei friidrettsgruppe med fokus på lågterskeltrening for vaksne.

Geir Raudstein Aasheim, leiar for hovudstyret i IL Solid, fortel at det nye tilbodet er meint for folk som gjerne vil mosjonere i organiserte former utan å nødvendigvis satse.

– Mange har sikkert lyst til å kome i gang med trening, men er usikker på kvar dei skal byrje. Somme går kanskje litt hardt ut og får unødvendige belastningsskadar. Ved å bli med i ei slik gruppe kan ein læra av erfaringane til andre og bli ein del av eit fellesskap som mange kan dra nytte av, opplyser han.

Saman med Anders Fosse er han ein av seks medlem som har meldt seg inn i den nye friidrettsgruppa.

Over tretti år sidan førre gang

Gruppa vart starta opp i månadsskiftet mai/juni etter eit ekstraordinært møte i IL Solid. Dette er første gang at idrettslaget har eit tilbod om friidrett sidan 1986.

- Annonse -

– På den tida var det mange som skulle reise vekk for å gå på skule. Til slutt var me berre 2-3 stk. igjen, så då vart tilbodet lagt ned. Eg tykkjer det er kjekt å kunne bidra til å starte opp att, uttalar Aasheim, som har vore med tidlegare.

Sjølv om gruppa ikkje har planar om å tilby tradisjonelle øvingar som diskos og spydkast, ser dei ikkje bort i frå at det kan bli aktuelt på langt sikt.

– Sjølvsagt, er det nokon som har moglegheit og evne til å organisere noko slikt, skal me ikkje leggje noko i vegen for dei. Men spydkast ute på kunstgrasbanen er kanskje ikkje så veldig aktuelt, kommenterer Aasheim.

Vil få folk ut av stova

Trass i mange moglegheiter, har Aasheim likevel ingen planar om å konkurrere mot Stord Friidrett i næraste framtid.

– Me skal i utgangspunktet ikkje vere konkurrent for Stord Friidrett, men heller eit supplement til dei som ikkje ynskjer å satse.

– Det er ei mosjonsgruppe, og dette er høgt ønskeleg frå Friidrettsforbundet si side. Spesielt med tanke på å få synleggjort kor mange som driv på med det på fritida utan å vere registrert. Ein treng ikkje ha mål om å springe Bergen Maraton for å bli med. Klarer me å få folk ut av stova og inn i joggeskoa er dette også eit mål, uttalar Aasheim.

Men folkehelse er ikkje den einaste motivasjonsfaktoren som speler inn.

Treng ikkje lenger vere klubblaus

– Eg er tilhengjar av at me får organisert mest mogleg for samhaldet og tilhøyrsla sin del. Det er gunstig. Det hat også med identiteten i bygda å gjere, at ein representerer idrettslaget i heimbygda. Det er ikkje alle som har lyst til å springe for Stord eller Fitjar. Ein del tenkjer at Solid er mitt idrettslag – det er her eg høyrer til, seier Aasheim.

Fosse er samd i kommentarane som leiaren kjem med.

– Eg er jo ein Solid-mann. Det blir feil å vere på Stord når ein alltid har høyrt til Solid. Tidlegare har eg betalt eingongslisens for kvart løp. Eg har alltid vore klubblaus når eg har vore ute på løp. Men det treng eg ikkje no, uttrykker han.

Interesserte kan melde seg inn her.

- Annonse -