Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H). Foto: Wikipedia/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Debatt: Alle som er opptekne av at Stord i framtida skal vera eit sentralt tyngdepunkt i den nye Vestlandsregionen må støtte opp om eit kortare ferjesamband, skriv Kvinnherad-ordføraren.

Av: Peder Sjo Slettebø (H), ordførar i Kvinnherad

Den interkommunale planprossesen mellom Kvinnherad og Stord kommunar som i vår skal avklara plassering av ferjestø på begge sider av fjorden, er eit godt samarbeid. Den er kommen i stand på bakgrunn av klåre signal frå lokalt næringsliv og viktige regionale funksjonar i ei spørjeundersøking om sambandet utført av Samarbeidsrådet for Sunnhordland i fjor sommar.

Leiande politikarar på Stord er framsynte og strategiske og gjekk inn i denne prosessen fordi eit kortare samband og kortare reisetid er avgjerande for framtidig vekst i Sunnhordland og naudsynt styrking av t.d. sjukehus, høgskule og tingrett når kommunikasjonane om få år vert monaleg betre både sørover og nordover.

Mange tek til orde for å nytta eksisterande ferjestø og setja inn raskare ferjer.

Hadde det vore mogleg kan eg forsikra om at kommunane hadde gått inn for dette for lenge sidan. Røynda er at vegeigar Hordaland fylkeskommune i overskuleg framtid korkje kan eller vil finansiera anna enn maks to ferjer med 13 knops fart i dette sambandet.

- Annonse -
- Annonse -

Ved høgare fart på ferjene aukar også kostnaden monaleg, og det har ikkje fylket økonomi til. Kommunane må forhalda seg til dette. Då ser ein at einaste måte å få ned reisetida på, og samstundes få fleire avgongar mellom dei to største kommunane i regionen, er ved å byggja nye ferjestø på stader der fjorden er smalast.

Vi veit også at dagens ruteopplegg der det på kveldstid berre vil gå ei ferje i sambandet vil halda fram i minst 10 år til. Når ferja brukar 40 minutt kvar veg over fjorden må ein såleis stå halvannan time å venta på neste ferje dersom ein er uheldig å mista ei ferje eller ikkje kjem med. Hadde ferja brukt 20 minuttar over vert ventetida redusert til 50 minutt.

Denne lange ventetida medfører store kostnadar for næringslivet og mykje bortkasta tid og frustrasjon for folk flest. Vi kan samanlikna med Sandvikvåg-Halhjem: Der må ein i dag venta 45 minutt mellom avgongane på kvelden. Dette er ein av grunnane til at ein vil realisera Hordfast, noko eg støttar.

Dei som reiser mellom Stord og Kvinnherad må derimot venta dobbelt så lenge. Flyttar ein ferja frå Skjersholmane til Jektevik, slik enkelte tek til orde for, står ein i nett same situasjon: Seglingstida Sunde-Jektevik er like lang som Skjersholmane-Ranavik.

- Annonse -

Kva er då poenget med å utvida Jektevik til ein betydeleg kostnad? Ei investering i nye ferjestø for å korta ned sambandet er klårt samfunnsøkonomisk lønsamt, då dette både reduserer kostnadane med ferjedrifta og fører til lågare kostnader for reisande og næringsliv. Ved ei innkorting av sambandet vil fylkeskommunen også få det statlege ferjetilskotet den i dag får til dagens lange samband overført til å finansiera nye ferjestø.

Å korta inn sambandet er ikkje ein fiks idé frå Kvinnherad. Det er noko også lokalt næringsliv, offentlege institusjonar, fylket og Statens Vegvesen meiner er naudsynt.

I Bladet Sunnhordland har både Samarbeidsrådet, representantar for viktige bedrifter på Stord og stortingspolitikarar frå fleire parti bede om at sambandet blir korta inn. Kvinnherad kommunestyre har vedteke at vi meir enn gjerne flyttar vårt ferjestø når Stord gjer det samme, og ein vurderer saman med Stord og fylket både Sunde/fastlandet og Halsnøy.

Det har vore peika på av fleire at Kvinnheradtrafikken i framtida bør gå over Huglo/Tysnes. I Sunnhordland sitt digitale arkiv fann eg eit sitat frå min forgjengar Aksel Kloster. Han uttalte at dette kunne vera ei løysing, men at det nok låg 20 år fram i tid. Det er no langt over 20 år sidan Kloster uttala dette, og enno er det ikkje kommen noko bru over Langenuen.

Stord har i lange tider vore trafikknutepunkt i Sunnhordland. Det bør Stord vera også i framtida, men då må ny ferjeløysing mot Kvinnherad snarast komma på plass.

Alle som er opptekne av at Stord i framtida skal vera lokalisering for offentlege institusjonar og eit sentralt tyngdepunkt i den nye Vestlandsregionen bør støtta opp om dei politikarane i Stord som no er framsynte og vil ta ansvar til det beste for lokalsamfunnet og regionen.

Eg beklagar dersom nokon har oppfatta at ordføraren i Kvinnherad har vore arrogant på vegner av kommunen i saka, og eg skal innrømma at eg har nytta eit tydeleg språk for å få fram kor viktig dette er. Eg opplever at vi no er inne i eit godt spor med støtte til prosjektet frå mange hald.

Vi bør difor legga bak oss denne debatten, og finna ei løysing som får positive ringeverknader for den sunnhordlandsregionen vi alle er så glad i.

- Annonse -