Oma Baatbyggeri. Foto: Oma Baatbyggeri
- Annonse -

For første gang i den over 100 år lange historia til Oma Baatbyggeri passerer bedrifta 200 millionar i omsetnad. Det er ny rekord, med god margin.

– Me har heilt full ordrebok ut til neste år, og me har også noko som går inn i 2021. Så me har vel eigentleg jobb to år fram i tid, seier dagleg leiar Gunnar Jan Oma.

I midten av desember segla M/S Fjordprinsen nordorver frå Oma Baatbyggeri på Stord. Det var eit av tre fartøy som skipsverftet har levert i år. Verksemda skal levere tre fartøy i 2020, og så langt eitt i 2021.

– I tillegg har me ganske mykje tilbod ute, og det er generelt ganske travelt i marknaden. Både for hurtigbåter og for ferjer. Det er sånn som me likar det.

Han fortel at Oma Baatbyggeri har passert imponerande 200 millionar kroner i omsetnad for inneverande år. Det er ei auke på meir enn 70 millionar frå 2018, som også var eit år med rekordomsetnad.

Men der dei i fjor gjekk med eit tap på seks millionar, ser det betre ut for i år.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har betre marginar, men ikkje så gode marginar som me vil. Men me har eit positivt resultat.

– Kvifor slit de med marginane med ein såpass høg omsetnad og med full sysselsetting?

- Annonse -

– Me hadde vel to utviklingsprosjekt i 2018, som me også tok me inn i år. Når du held på med sånne nye prosjekt så har du gjerne litt utfordringar kommersielt, slik me hadde med ferja me leverte.

Oma har tru på eit betre resultat for 2020.

– Aktivitetsmessig reknar me med at neste år vil bli ganske likt som i år. Men me ser for oss at me skal ytterlegare forbetre marginane til neste år. Så då får me håpe og sjå, seier Oma.

Oma Baatbyggeri har for tida 80 produksjonstilsette, der halvparten er innleigde. I tillegg har verksemda ti personar som jobbar i administrasjonen.

Slik har resultatet til Oma Baatbyggeri vore dei siste åra: