Marita Vassnes i Stord Ap meiner Framstegspartiet prøvar å slå politisk mynt på kostnadsauken på Nysæter ungdomsskule.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det er skuffande når FrP vel å utnytte sin posisjon i kommunepolitikken til å bruke viktige prosjekt som Nysæter Ungdomsskule til lite konstruktiv symbolpolitikk. 

Av: Marita Vassnes,
2. kandidat, Stord Ap

Nye Nysæter ungdomsskule med fleirbrukshall har vekka mykje engasjement blant innbyggjarane. Det er naturlig, med tanke på at dette er eit viktig prosjekt for born og unge i framtida, samt lokalbefolkninga. Det bør difor ikkje utnyttast som eit symbolpolitisk trekk i eit spel, slik nokon legg opp til.

Ein ny ungdomsskule på Nysæter er ikkje berre naudsynt på grunn av dei kritiske tilstandane som er ved eksisterande bygg, eller på grunn av auka aktivitet i idretten og kulturen som krever betre lokaler. Det skal vere eit naudsynt løft for fellesskapet i Sagvågen, samt born og unge si utvikling dei neste førti åra.

Stord Arbeidarparti er difor oppteken av at arbeidet som blir gjort no er nøye gjennomtenkt, og reflekterer høg kvalitet. For å oppnå dette må brukarane av den framtidige skulen og fleirbrukshallen ha ein sterk rolle. Kven andre veit best kva behov som ligg føre, enn dei som skal bruke bygget?

Under førre møtet med komité for oppvekst og utdanning vart det vedteken at prosjektet vert lagt fram for arbeidsgruppa på ny. Der sit brukarar av skulen og idretten representert.

- Annonse -
- Annonse -

Medan koalisjonen, med Høgre, ser alvoret i tilstandane ved eksisterande skulebygg og ynskjer å få i gong utbygging med best mogleg resultat, vil FrP spele på symbolsk poltikk og foreslår å avbryte kontrakten med arkitektane og starte nytt forprosjekt.

Dette hadde risikert høge ekstrakostnadar, samt utsetting av utbygginga i fleire år. Forslaget deira innebærer òg å kaste teikningane som ligg føre, og alt arbeid som er gjort.

- Annonse -

I budsjettforslaget for Stord kommune som FrP la fram før jul var deira prioritering for Nysæter Ungdomsskule å kjøpe midlertidig skulebygg utan å leggje fram midlar til å fortsette prosjektet. Med dette seier dei at dei heller vil ha elevane i brakker i ubestemt tid, enn å få i gang utbygging av nye Nysæter Ungdomsskule. Samstundes står representantar frå FrP fram og påstår at dei vil vere Sagvåg si stemme i kommunestyret, og kjempe for sakene som gagner dei.

Utvikling kjem ikkje av at ein sit og er nøgd eller einig i status quo. Det gjeld sjølvsagt i politikken òg. Dei beste løysingane kjem når ein får drøfte fleire perspektiv, og har stor takhøgde for forslag og idéar.

At me i partia er ueinig og har ulike synspunkt er ingenting anna enn ein fordel for Stord kommune. Me skal utfordre kvarandre, teste kvarandre sine teoriar og forslag, og diskutere fram nye løysingar.

Det er difor skuffande når FrP vel å utnytte sin posisjon i kommunepolitikken til å bruke viktige prosjekt som Nysæter Ungdomsskule til lite konstruktiv symbolpolitikk.

Dersom dei heller vil bruke sin tid og energi til å snakke ned eit sentralt tiltak for befolkninga i Sagvåg framfor å sjå til at skulen og fleirbrukshallen blir realisert, vil eg for min del melde meg ut av debattstilen deira, og fokusere på dei konstruktive diskusjonane som faktisk visar resultat.

Eg vil sjå til at Nysæter Ungdomsskule blir til, innenfor ei økonomisk ramme som ikkje får konsekvensar for andre tilbud i kommunen, og med høg kvalitet.

- Annonse -