Historia om Leirvik fyr går heilt tilbake til 1878. Foto: Astrid Larsen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Venelaget for Leirvik fyr vil saman med Stord kommune arrangere boklansering og festdag på Leirvik fyr.

Søndag 11. juni er ein dag det kan vere verdt å krysse av i kalenderen for ein utflukt til idylliske Leirvik fyr.

I samband med opninga av den nye kaien har Venelaget for Leirvik fyr i samarbeid med kulturkontoret i Stord kommune sydd saman eit innhaldsrikt program for dagen, opplyser venelaget i ei pressemelding.

Far til Bjørn Angell Bergh var fyrmeister.

Fortel dei ukjente historiane

Eit av trekkplastera er boklansering av Bjørn Angell Bergh, som er son til tidlegare fyrmeister Egil Bergh. Han vil lansere bok om Leirvik fyr, som eitt av kommunen sine maritime kulturminne.

– Bergh lettar på sløret og fortel dei ukjende historiene om livet på fyret, korleis det var å vera næraste nabo til «tyskartårnet» under 2. verdskrigen, og me får lesa om kvifor han som barn opplevde fyrlivet som eit eventyr, opplyser Astrid Larsen som er leiar i Venelaget for Leirvik fyr.

- Annonse -

Vandreutstilling om fyr

Kunstnaren Janne Robberstad frå Bømlo si vandreutstilling «Familieliv på fyr», som har vore vist landet rundt og i Danmark, skal stillast ut i heile fyrstasjonen, og er denne dagen salsutstilling. Publikum får høve til å kjøpe bileta, trykte på aluminiumsplater.

Robberstad stiller også ut nokre mindre bilde på lerret. Alle er frå maritimt kulturmiljø, hovudsakleg basert på gamle foto frå fyrfamiliar, står det i pressemeldinga.

Kunstnar Janne Robberstad vil ta med seg vandreutstillinga si til Leirvik fyr. Foto: Astrid Larsen

Korpsmusikk og toradarmusikk står også programmet, og ordførar Harry Herstad blir med på gildet. Ein større båt vert sett opp i skytteltrafikk mellom Vikjo og fyrkaien denne dagen.

Snart 140 år gammal

Leirvik fyrstasjon vart bygt i 1878, og fekk tåkelur frå 1930, ein dur som ein god del stordabuar framleis kan minnast. Dette maritime kulturminnet er i dag i Stord kommune sitt eige, og Venelaget for Leirvik fyr har sidan 2011 hatt avtale med kommunen om å samarbeida om vedlikehaldsoppgåver og oppgradering av fyrstasjonen og uteområdet til allmenn bruk.

Til neste år er Leirvik fyr 140 år gammalt. Dette biletet syner Amerikabåten DS Stavangerfjord på veg forbi fyret i 1932.

- Annonse -