Nyinnspelinga av Stephen King-klassikaren "IT" har Norgespremiere 8. september.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eg kan med handa på hjarta seie at eg ikkje kan hugsa tilbake kva tid eg hadde ei slik kjensle i ein kinosal, for dette er verkeleg skummelt, skriv vår filmmeldar om den nye Stephen King-filmen «IT».

«IT»
Regi: Andy Muschietti
Skodespelarar: Bill Skarsgård, Jaeden Lieberher, Sophia Lillis, Finn Wolhard
Terningkast: 6

Regissør Severin Eskeland melder film for Stord24.

Då eg var liten var ”IT” kanskje noko av det skumlaste eg kunne sjå. Ja, om du stryk den  idiotiske slutten med den gigantiske edderkoppen som liksom skulle vera inkarnasjonen av den dansande klovnen ”Pennywise”. Han i seg sjølv var mykje skumlare.

Romanen filmen er basert på er skriven av Stephen King, som jo er kjend for å ha laga nokre nifse historier dei siste tretti-førti åra. Sjølv om ikkje alle filmatiseringar av bøkene hans er vellukka, så er han nok den mest kjende skrekkforfattaren gjennom tidene. Med bøker som ”The shining”, ”Carrie”, ”Cujo” og ”Shawshank Redemption”… Ja, lista bare fortsett og fortsett.

King har bare regissert ein film i livet, ”Maximum Overdrive”(1986), som blei ein flopp. Om King etter dette innsåg at han ikkje var ein god regissør, eller han ikkje orka meir, så held han iallfall fram med å skriva bøker. Og takk for det, for blant dei neste var nemleg nemleg ”IT”(1986).

Vart ein stor suksess

Dette blei ei rimelig stor suksess for King, og det tok ikkje lang tid før tv-kanalen ABC kjøpte rettane, og laga då ein serie på to delar. Med ei samla speletid på litt over tre timar bergtok filmatiseringa verda, og er mykje av grunnen til at mange ser for seg ”Pennywise”-den dansande klovnen, og får frysningar når dei er på sirkus eller i barnebursdag.

- Annonse -
- Annonse -

Spol fram nærare tretti år, og me skal no få oppleva denne skrekkhistoria på nytt. Ny-innspela, og i kinoformat vel å merka.

Det heile startar med vetle Georgie som skal ut i regnet og leika med den nye papirbåten han har laga saman med storebror Billy. Det er stilistisk og ekstremt bra filma frå fyrste filmrute, og eg kjenner allereie no at dette skal bli gøy.

Då båten ren ned i kloakken så dukkar det opp ein noko sketchy klovn som introduserer seg som ”Pennywise”, og han vil gjerna bli ven med litle Georgie. Men klovnen viser etter kvart fram ei litt anna side, og sekundar etter set han tenna i guten og dreg han med seg ned i kloakken. Det er berre på disse få minuttane eg veit at dette er ein film som kjem til å skremma vettet av folk verda rundt.

Klovnen Pennywise held fram med å skremme.

Så blir me kjend med hovudkarakterane, som er ein gjeng tenåringar med alle sine særpreg. Han som stammar, han litt tjukke, den rappkjefta, fornuftige og fleire. Og alle blir etterkvert kopla til klovnen som vil næra på frykta deira.

Byen Derry har ei forferdeleg fortid bak seg, prega av ulukker som har teke mange liv frå tidleg av, og ekstremt mange born forsvinn sporlaust. Dette skjer kvart 27. år.

Ikkje tradisjonell skrekkfilm

Filmen er ikkje bygd opp som den tradisjonelle skrekkfilmen slik me ser den i dag. Det plar som regel å byggje seg opp, og dei skumle scenane blir meir og meir skumle for kvar gang. Og det smell skikkelig i slutten, då det vert pøst hardt på. Dette er i dag veldig typisk, så at ”IT” ikkje tek denne vrien var eit friskt pust i ein elles så føreseieleg sjanger.

- Annonse -

Spenningskurva er meir eller mindre perfekt, og skremselsscenane er fint fordelt utover slik at det vekslar mellom god og viktig historieforteljing heile tida, og så nøye plasserte skrekkscenar som gjer at det frys frå topp til tå. Eg kan med handa på hjarta seie at eg ikkje kan hugsa tilbake kva tid eg hadde ei slik kjensla i ein kinosal. Kanskje eg ikkje har hatt det før, for dette er verkeleg skummelt folkens.

Og det startar meir eller mindre frå starten av. Skumle ting kan skje heilt plutseleg, og eg blir rysta rimelig tidlig i filmen. Når eg må le høgt av meg sjølv aleina i kinosalen for at eg blei så redd, så er det eit veldig godt tegn på at dette er ein gjennomført skrekkfilm.

Klovnen Pennywise.

Gode prestasjonar

”It” er ikkje berre ein skummel film, men ein god film generelt. Regissøren får fint fletta inn dosar med humor her og der, og klarar verkeleg å få fram eit godt vennskap i denne tenåringsgruppa som eg trur på. God dialog og prestasjonar frå samtlege skodespelarar, og ikkje minst det tekniske aspektet, gjer at eg ikkje heng meg opp i mykje anna enn å kosa meg maks.

Filmskaparane har vore trufast mot originalen, og dette er utan tvil ein av tiårets beste skrekkfilmar. Til og med Stephen King sjølv, som ofte er negativ til filmatiseringar av bøkene hans, har skrytt av filmen på sosiale media.

I rolla som den dansande klovnen finn me ingen ringare enn sonen til svenske Stellan Skarsgård. Bill Skarsgård er ein skodespelar som har jobba seg opp i Hollywood og har fått seg eit lite namn. No vil eg tru det namnet kjem til å bli betrakteleg større, for rolletolkinga hans i denne filmen er ingenting anna enn fantastisk.

Stor fallhøgd

Det er få svakheitar å finna i denne nyinnspelinga av ein klassisk skrekkfilm som har skremt menneske i alle aldrar, i fleire tiår. Fallhøgda er stor då heile verda har eit forhold til filmen. Meg inkludert.

Nokre karakterar kunne ha vore tona ned då dei står fram noko stereotypiske, og etter å ha sett klovnen Pennywise så og så mange gongar så forsvinn det skumle aspektet litt. Men berre litt, for han er verkeleg eit syn for auga, noko eg ikkje skulle trudd berre av å sjå bilete av han på nettet dei siste åra. Ja, for eg har gledd meg ekstremt lenge, og ny-innspelinga av ”IT” leverte verkeleg varene.

Så for dykk som har gode (grusame) minner frå ”IT” og klovnen Pennywise, fisk fram nervetablettane og stikk på kino. Det vil bli eit rystande gjensyn.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -