Straumprisane har vore eit heitt og omdiskutert tema for mange i nokre år.

Men der andre kanskje klagar over straumprisane i kommentarfeltet på Facebook har Sascha Høvring, som er opprinneleg frå Haugesund, valt å ta det nokre steg lengre.

Inspirert av britane

Sascha Høvring meiner nemleg straumselskapa tar for mykje betalt, og har latt seg inspirera av den britiske kampanjen «Don’t Pay». Med protestaksjonen «Jeg betaler ikke» ynskjer han å få fleire med seg på å nekta å betala meir enn 50 øre per kilowattime, og ei fast låg nettleiga.

Høvring har saksøkt BKK for å ta meir betalt for straumen enn det han meiner er anstendig, og møtte verksemda i Haugaland og Sunnhordland tingrett torsdag.

BKK meiner på si side at straumprisen er korrekt fastsett, og meiner Høvring skuldar dei nesten 12.000 kroner for straum dei har levert til han, samt forseinkingsrenter for uteståande betaling.

Sascha Høvring utanfor rettslokalet før rettsmøtet. Saka var først oppe i forliksrådet i Sveio, før Høvring valte å ta ho vidare til tingretten. Foto: Harriet Cecilie Strømmen/Stord24

Kan betala deler av rekninga

Høvring representerte seg sjølv, og fekk ordet først i retten torsdag.

– Eg står her som ein del av protestaksjon mot kraftsvindelen. I gjennomsnitt kostar det 12 øre å produsera ein kilowattime, og me veit at straumselskap, og ikkje minst nettselskapet, går med ekstreme overskot. Kvifor får utanlandske selskap gode avtalar om pris, medan me folket må betala i dyre dommar?

Høvring viste til både energilova, pristiltaksloven og grunnloven.

Etter spørsmål frå dommaren om han kunne kommentera motparten sin motstand om at han skulda dei pengar, poengterer Høvring at han ikkje ynskjer full frikjenning.

– Eg vil betala for straumen eg har nytta, men berre opp til 50 øre per kilowattime.

Høvring representerte seg sjølv. Foto: Harriet Cecilie Strømmen/Stord24

Storma ut

Dette er ikkje første gongen Høvring er i retten. Tidlegare har han møtt straumselskapet Fjordkraft i Hordaland tingrett der han vart dømt til å betala rundt 21.000 kroner til Fjordkraft.

– Eg vart nekta å anka denne dommen, og eg har ikkje tru på at det går min veg i dag heller. Eg har ingen tru på at dette kan fiksast juridisk, det krev ein folkeaksjon. Eg set punktum her, og takkar for meg, uttala Høvring.

– Eg kjem no til å forlata rettsmøtet i protest.

Dommar Sigrid Anderssen Cabot minna Høvring om at han har plikt til å møta, og bad han setja seg ned i respekt for retten.

– Eg trur eg kjem til å kasta opp om eg vert sitjande, svara Høvring.

Dommar Cabot informerte Høvring om korleis rettsmøtet vil gå føre seg utan han, før ho lar han forlata salen.

Dommar Sigrid Anderssen Cabot bad Høvring setja seg i respekt for retten, men let han gå. Foto: Harriet Cecilie Strømmen/Stord24

Har levert eit produkt han må betala for

Motparten BKK representert ved senior sakshandsamar Cathrine Sletvik i BKK, og advokatfullmektig Ingeborg Breistein Høydal, sat noko sjokkert att i salen, men rettsmøtet gjekk vidare som om ingenting hadde skjedd.

– BKK ynskjer at Høvring skal betala det som er fakturert han for straum levert i perioden 12.juni 2022 til 13.april 2023 på kr 11.984 kroner samt forseinkingsrenter, uttala Breistein Høydal.

Ho fortalde vidare at BKK har levert leveringspliktig straum til Høvring i perioden, og at han ved fleire høve var blitt informert om at han mangla kraftleverandør, og burde kontakta ein leverandør for å inngå straumavtale.

– Han har nytta eit produkt BKK har rett til å krevja inn pengar for.

Advokatfullmektig Ingeborg Breistein Høydal og Cathrine Sletvik i BKK måtte halda fram rettsmøtet utan saksøkjar Høvring. Foto: Harriet Cecilie Strømmen/Stord24

– Me kan ikkje påverka prisen

I ein pause spør me Sletvik og Breistein Høydal om korleis dei reagerte då Høvring valde å forlata salen.

– Det var overraskande. Me hadde forventa at han ville vere her, og trudde han ville stilla oss nokre spørsmål, svara dei.

Etter pausen nytta damene høvet til ei utspørjing.

Advokatfullmektig Breistien Høydal fekk Sletvik i BKK til å forklara kraftmarknaden i Noreg, og korleis straumprisane vert fastsett.

– Noreg er delt i fem prisområde, og prisen i desse vert fastsett av NVE og RME. BKK har ingen påverknad på pris, uttala Sletvik.

BKK meiner også at Høvring må dekka saksomkostnadane, og argumenterte for dette slik:

– Me meiner at Høvring openbert har gått til sak mot BKK utan grunn.