Torsdag ettermiddag vart det opna konkurs i selskapet Leirvik Natt & Dag AS, som har drive restauranten The Strand på Bytunet i Leirvik.

Restauranten opna i desember 2021, og har blitt svært populær.

Fire tilsette

Styret har opplyst at den samla gjelda er på cirka 1,2 millionar og at selskapet sine aktiva i hovudsak består av varelager med ein samla vurdert verdi på ca. kr 100.000.

Det er fire tilsette i selskapet som no mistar jobbane sine. Restauranten har allereie stengt dørane.

The Strand på Bytunet klarte ikkje å overleva. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24

Det er berre nokre få veker sidan Stord24 omtalte at The Strand hadde opna sin andre restaurant. Det skjedde i Haugesund. Denne Restauranten er i eit eige selskap, og med eit eige konsept, uavhengig av restauranten på Stord.

Styreleiar i Leirvik Natt og Dag, Gorm Holmedal, presiserer overfor Sunnhordland at det er eigarselskapet som har gått konkurs og ikkje sjølve restauranten.

– Drifta av The Strand vart flytta inn i Leirvik Dag & Natt, i staden for at ein har to selskap. Det er ikkje The Strand som har gått konkurs. No på nyåret har det rett og slett ikkje vore nok bemanning til å driva selskapet, seier han.

Stord24 får opplyst får kjelder at Kristine Bhargava og Dominic Bhargava selde seg ut av restauranten på Stord for nokre månadar sidan.

Gorm Holmedal er eigaren av Bytunet, og dreiv restrauranten The Strand inntil det siste. Foto: Jonas Sætre

Raude tal i 2022

Trass i mange gjester og svært gode tilbakemeldingar har restauranten The Strand i Leirvik tapt mykje pengar.

Rekneskapen for Leirvik Natt og Dag AS frå 2022 kunne vise til ein omsetnad på rett under 10 millionar kroner, men resultatet før skatt var negativt, med eit underskot på 1,3 millionar kroner.

Burgerane til The Strand har vore svært populære. Foto: privat

– Likviditeten er utfordrande og eigenkapitalen er tapt ved utgangen av 2022, skreiv styret, som opplyste at dei har teke situasjonen på alvor og gjort fleire grep i 2023.

Det vil vera skiftesamling 16. juni i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Advokat Trond Eirik Samdal Nielsen er oppnemnd som bustyrar.

Stord24 har forsøkt å få kontakt med dagleg leiar Kristine Bhargava og styreleiar Gorm Holmedal i Leirvik Natt & Dag AS utan hell.