NRK melder i dag at minst 400 personar har invester i kryptoklubben 5xclub. Rundt halvparten av desse skal vera folk frå Stord.

Klubben lovar at pengane du har investert skal femdobla seg, so lenge dei står i minst eit år. Enkelte har investert 10.000 kroner, og andre fleire hundre tusen.

Men i følgje kjelder NRK har snakka med er det umogleg å få tatt ut pengane.

Før jul samla 60 medlemar seg på Stord for å forhøyra seg om kvar pengane er blitt av. Fleire fryktar dei er blitt svindla.

Svindel, seier ekspert

NRK har fått fleire ekspertar på krypto og svindel til å vurdera 5xclub, basert på både nettsider og interne dokument.

– Dette er svindel, meiner Bjørn Bjercke, ekspert på blokkjedeteknologi og bitcoin.

Til NRK fortel ein av grunnleggjarane av klubben, Kurt Helgesen at 5xclub er under avvikling. Det er forseinkingar, men det gjer det ikkje til svindel.

– Me har også gjort ein del søk på det selskapet, og det er ingenting som tyder på at det selskapet eksisterer, seier Bjørn Bjercke.