Klokka 18.06 andre påskedag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Føyno ved Stordabrua

– Ein bil har mista ein hengjar, som har treft ei lyktestolpe, melder Sørvest politidistrikt på X.

Lyktestolpen skal ha falle over vegbanen ved utlaupet av Bømlafjordtunnelen.

Det er ikkje meldt om personskade.

Bømlafjordtunnelen blei stengt som følgje av uhellet, men blei opna att etter om lag eit kvarter.

Politiet gjer undersøkingar på staden.