Stord24 har ledig stilling som journalist i full stilling.

Me ser etter deg som vil vera ein del av ei ung og ambisiøs avis i sterk utvikling. Stord24 er ein mindre redaksjon som i dag tel fire journalistar. Her vil du kunna bryna deg på svært varierte oppgåver som journalist.

Den viktigste eigenskapen me ser etter er at du er samfunnsengasjert og nysgjerrig på det som skjer i nærmiljøet.

Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ingen absolutt krav.

Det er viktig at du er stødig i nynorsk og glad i å formulera deg skriftlig. Du bør vera ein blid og omgjengeleg person som er glad i å snakka med folk.

Arbeidstid vil normalt vera på dagtid, men noko kveld- og helgejobbing må påreknast. Me tilbyr stor fleksibilitet i arbeidstida og konkurransedyktig løn.

Me held til i moderne kontorlokale i Kunnskapshuset i Leirvik sentrum, med god kantine med varm lunsj og treningsrom. Du bør kunna disponera eigen bil.

Me kan tilby deg ein veldig spennande jobb der ingen dagar er like!

Ønska oppstart er rundt månadsskiftet august/september, men her er me fleksible.

Sjå fullstendig stillingsutlysing her.

Kontakt ansvarleg redaktør Jonas Sætre for spørsmål rundt stillinga, enten på mail (jonas@stord24.no) eller på telefon 47 65 25 27 (etter klokka 15).