Det blei skikkeleg sjåarstorm mot NRK då influensarane Fetisha Williams og Sohpie Elise lagde ein kortliva podkast for NRK i fjor.

No har Williams funne tonen med ein ny makker, nemleg Martha Leivestad frå Stord.

– Å jobbe med Martha blir «crazy». Det finst ingen eg ler meir av enn ho, seier Fetisha Williams.

Stord-komikaren fortel i pressemeldinga at sjåarane kan venta seg eit morosamt studioprogram med ekte historiar, reaksjonar og meiningar.

Premieren på serien blir i mars på VGTV. Leivestad trur programmet blir noko ein «må sjå».

God kjemi

Temaet for programmet blir vener, sex og dating. Dei to komikarane skal henta idear frå eige liv.

– Dei har ein kjempegod kjemi, og me har veldig trua på dei to saman, seier programsjef i VGTV Marthin Jøndahl.