Foto: Pixabay
- Annonse -

VG har meldt om nye tilfelle av koronasmitte i både Stord og Bømlo kommunar. Dette er ukjent for smittevernlegane.

Måndag kveld vart det registrert eit nytt tilfelle av Covid-19-smitte både på Stord og i Bømlo kommune.

Dette synar tala frå VG si statistikk over koronaviruset.

Det nye smittetilfellet registrert på Bømlo er det sjette i rekka, og det første sidan 1. mai, ifølgje kommunen si nettstad. Stord hadde sist eit smittetilfelle 13. august.

Meiner det kan ha skjedd ein glipp

– Eg har ikkje blitt meldt om nytt tilfelle, så dette kan eg ikkje sei noko om, seier smittevernlege Lars Helge Sørheim i Stord kommune.

Sørheim kjenner ikkje til korleis VG nyttar tala i sin oversikt, men meiner at det kan vere ulike årsaker til at det vert meldt om smitte i Stord kommune.

- Annonse -

– Det kan til dømes vere snakk om ein stordabu som har blitt testa, men som ikkje har vore på Stord nær symptomtidspunkt eller i dagane før, og som bur og har blitt testa i ein annan kommune.

Smittevernlege i Bømlo kommune, Kjersti Follesø, har heller ikkje fått melding om nytt positivt testsvar.

– Det har eg ikkje høyrt noko om, så det lurer eg på om kan vere ein feilregistrering. Eg har ikkje blitt meldt om noko tilfelle, og det skal eg bli, så det kan jo ha skjedd ein glipp der også.

Fleire moglege årsaker til ulike tal

Dette skriv VG om moglege årsaker til at tala i deira oversikt kan avvike frå kommunane sine eigne tal:

«Etter 26. mars har Folkehelseinstituttet (FHI) brukt meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS) som grunnlag for antall smittede. 7. april begynte VG å hente data direkte fra MSIS.

MSIS-tallene kan avvike fra kommunenes egne tall. Dette kan være årsakene:

  • Registreringer i MSIS baserer seg på folkeregistrert adresse. I noen tilfeller kan den smittede oppholde seg, og få behandling, i en annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Det kan f.eks. gjelde studenter. Hjemkommunen vil ikke nødvendigvis vite om disse tilfellene, selv om det er registrert på deres kommune i MSIS.
  • Personer uten fødselsnummer registreres i kommunen prøven er rekvirert fra. Dette kan være en kilde til at tilfeller registreres i en annen kommune enn den de egentlig oppholder seg i, og hvor de følges opp.
  • FHI opplyser også at det kan være noen få andre tilfeller hvor smitte kun varsles til MSIS, og ikke kommunelegen.
  • Hvis kommunen melder om flere tilfeller enn VG på sine hjemmesider, er det enten fordi tilfellene ikke er registrert i MSIS eller er registrert der på en annen kommune.»