Tillitsvald i Utdanningsforbundet, Jonatan Gniste, reagerer endringsforslaga til rådmannen for nye Nysæter skule. Foto: Utdanningsforbundet Stord/Vis-a-Vis Arkitekter
- Annonse -

DEBATT: Me i kollegiet ved Nysæter ungdomsskule ser med vantru på rådmann Magnus Mjør sine forslag om slanking av nye Nysæter ungdomsskule.

Av: Jonatan Gniste,
Tillitsvald, Utdanningsforbundet Stord

Det som framleis uroar oss mest er om det vert eit likeverdig tilbod for ungdomsskulelevane i dei tre bydelane på Stord. Dette omtalte me i haust i vår førre uttale om prosjektet, og når me ser at rådmannen no vil ta frå prosjektet essensielle komponentar som eit skikkeleg amfi, føler me på ny at det er vår plikt å gjera oss høyrde.

Det er råd å stilla reelle spørsmål rundt innsparingane rådmann Magnus Mjør skisserer i sitt siste framlegg. Utsetjing av prosjektet vil medføra ekstrakostnader på fleire millionar kroner per halvår. Det er med andre ord ikkje mange halvåra som skal til for at vinninga med kostnadskutta til Mjør går opp i spinninga. Legg ein til auke i utgiftene til arkitektar oppå stigninga i konsumprisindeksen kan ein byrja å undrast om ein faktisk sparer noko i det heile teke. Onsdag skriv Sunnhordland at rådmannen vil krympa prosjektet for å seinka kostnadene, og det er fort akkurat det som skjer – ein senkar ikkje kostnadene, ein berre seinkar dei.

Me kan ikkje her visa til alle momenta Mjør ynskjer å strippa prosjektet for, men me føler for å trekkja fram slankinga av skulen sitt hjarta, amfiet. Mjør vil gå frå ein eigentleg kapasitet på 270 personar, ned til 100. Dette vil medføra at me ikkje kan samla alle elevane ved skulen i samband med til dømes juleavslutningar, konsertar, tverrfaglege prosjekt eller liknande, og eit amfi til 100 personar er i praksis noko som ikkje kjem til å verta brukt verken av skulen eller nærmiljøet sine organisasjonar. Om kommunestyret vel å byggja eit amfi for 100 personar vil det i realiteten vera det same som å seia at ein ikkje treng eit amfi på Nysæter. Funksjonaliteten som nærmiljøanlegg vil utvilsamt også verta svekka om ein reduserer kapasiteten i tråd med det Mjør føreslår.

- Annonse -

Hausten 2020 skal det implementerast nye læreplanar. Framtida sin skule skal vera fleksibel, fleirfagleg og dynamisk. Dette krev tilrettelagde skulebygg med løysingar dertil. Dersom ein tek vekk det Mjør føreslår, så tek ein også vekk fleksibilitet. Kuttar ein så mykje som Mjør føreslår, vil ein gå inn i framtida med ein skule med mykje godt berre ordinære klasserom. Det vert naturleg å tenkja tanken om ein sparer seg til fant.

- Annonse -
- Annonse -

Me har framleis håp om at kommunestyret vel å fylgja skulebruksplanen og gje ungdommane i Sagvåg dei same føresetnadene som ungdom frå Leirvik og Nordbygdo. Me ber kommunestyret tenkja seg godt om før dei følgjer råda frå Magnus Mjør og ribbar nye Nysæter ungdomsskule.

- Annonse -