Per Jarle Valvatne (Ap) og Jorge Del Pino (SV) er blitt leiarar i sine respektive parti. Foto: Ap/SV
- Annonse -

Jorge Del Pino (SV) ville ta over som leiar i Fagforbundet etter Per Jarle Valvatne (Ap) for eitt år sidan. No er begge blitt leiarar for lokalaga i partia dei tilhøyrer. (+)

Etter ti år som leiar i Fagforbundet Stord/Fitjar, sa Per Jarle Valvatne frå seg vervet sitt rett før jul.

Det er ikkje første gong at Valvatne har blitt utfordra som leiar i Fagforbundet. Det skjedde også i januar i år, då SV-politikar Jorge Del Pino stilte til val, men tapte.

No har både Valvatne og Del Pino blitt nyvalde som lokallagsleiar for partia sine.

https://scontent.fosl1-1.fna.fbcdn.net/v/t1.0-9/82910609_2915557471797188_4584260723802112000_n.jpg?_nc_cat=101&_nc_ohc=q3lgQu4QIv8AX_XJXGB&_nc_ht=scontent.fosl1-1.fna&oh=07828aaaf374102894fb2d19ee7a506e&oe=5E9AF5AF
Jorge Del Pino (t.v.) takka av Nils Magne Blålid etter mange års innsats. Foto: Stord SV

Tek over etter Blålid

Stord SV avgjorde leiarskiftet på årsmøtet sitt torsdag. Del Pino tek over etter mangeårig SV-politikar på Stord, Nils Magne Blålid, som også trekte seg som toppkandidat i fjor.

– Me takkar Nils Magne Blålid for tida som leiar i lokallaget og gler oss til å sjå kva Jorge Del Pino får til som ny leiar, skriv Stord SV på Facebook.

- Annonse -
- Annonse -

For berre ei veke sidan var det også leiarskifte under Arbeidarpartiet sitt årsmøte. Då vart det klart at Per Jarle Valvatne overtek etter Katrine Ankervold, som har vore leiar dei siste to åra.

Får meir tid til politikk

Valvatne seier til Stord24 at han ser fram til å kunne bruke meir tid på Stord-politikken no som han har gitt seg som leiar i fagforbundet.

- Annonse -

– Det er jo ein av grunnanne til at eg engasjerer meg meir. Eg har jo meir kapasitet til det no. Det å vere med i eit lokalt partilag er jo ikkje fullt så arbeidsintensivt.

– Kva saker blir viktig for deg å jobbe med som Ap-leiar?

– Det er jo mange saker. Å få realisert ferjefritt samband til Bergen er ein av dei. Kollektivtilbodet er også ei veldig viktig satsing for oss no.

– No har det vore ei ekstremt vellukka satsing frå Ap i området rundt Bergen, og no må me bidra til at den satsinga òg blir gjort i regionsentra, slik at ein kan få gode kollektivsamband mellom Bergen, Stord og Haugesund, med gode koplingar ut i distriktet, seier Valvatne.

Gir seg ikkje

Her har ikkje Valvatne vore på latsida. Som Stord24 nyleg har skrive, har Valvatne, som også er fylkespolitikar, bedt fylket om å styrke rutetilbodet sørover frå Sandvikvåg. Sjølv om Skyss avviste å betre tilbodet, har han ikkje tenkt å gi seg.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg på denne saka. Her har me nok eit stort fleital bak oss, så dette lar me oss finne ei løysing på. Eg trur det er fullt mogleg å leggje press på Skyss i denne saka.