- Annonse -

Salt Ship Deseign har sikra seg ein ny kontrakt for design av brønnbåtar for rederiet DESS Aquaculture Shipping AS i Grimstad.

Det er inngått kontrakt på to farty med oposjon på ytterlegare to, og dei første to skal leverast frå Sefine-verftet i tyrkia i 2019, melder Salt Ship Design i ei pressemelding.

DESS Aquaculture har spesialisert seg på å bygge, eige og drive oppdrettsfarty, og dette er den tredje kontraheringa som vert gjort sidan selskapet vart etablert i juni i 2017. Det er knytt store forventingar til dei nyutvikla brønnbåtene, som alle er sikra langsiktie kontraktar med Marine Harvest, står det i pressemeldinga.

– Me har i lengre tid jobba tett saman med DESS Aquaculture og Marine Harvest for å sjå på korleis brønnbåtoperasjonar kan gjerast meir skånsam for fisken, og kva som er operasjonelle krav til ein moderne og effektiv brønnbåt.

– For vår designarar har det vore veldig spanande og lærerikt å å samarbeida så tett med eit miljø med slik førsteklasses oppdrettskompetanse, seier Arne Stenersen, administrerande direktør i Salt Ship Design.

Dei nye fartøya er 84,4 meter lange og 16 meter breie og har ein kapasitet på over 3000 kubikkmeter.

- Annonse -
- Annonse -