Stord kommune har no 14 tilfelle av koronasmitte. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommuen har fått sitt 13. tilfelle av korona.

– Ein stordabu, som studerer i Bergen, vart meldt positiv på Covid-19 den 9. september, melder Stord kommune.

Studenten skal ikkje vera alvorleg sjuk.

– Det er nokre få nærkontaktar knytt til familien som har teke gode forholdsreglar. Dei er i karantene heime og ingen er alvorleg sjuke.

Kommunen fekk melding om testresultatet onsdag kveld.

Kommunelege Lars Helge Sørheim seier til Stord24 at smittesporingsarbeidet knytt til det nye tilfellet er avslutta.

- Annonse -