Søsterskipet «FOB SWATH 8» . Foto Oma Baatbyggeri
- Annonse -

Oma Baatbyggeri skal levera 2 nye båtar til Danmark, og er dermed sikra aktivitet ut 2021.

Oma Baatbyggeri AS og Offshore Windservice A/S har signert kontrakt om levering av to 32 meter lange SWATH Crew Transfer Vessel.

Båtane er spesialfartøy for transport av servicepersonell for offshore vindmøller og er spesialkonstruert i samarbeid med Odfjell Wind AS i Bergen.

– Båtane kan operera i Katamaran modus eller i SWATH modus (Small Waterline Area Twin Hull) og er konstruert for å gje servicepersonell best mogleg komfort og tryggleik, skriv Gunnar Oma, dagleg leiar ved Oma Baatbyggeri.

Katamaran modus gjer at båtane kan gå med høg fart, mens rulling og slag er redusert til eit minimum på grunn av den store avstanden frå vass linje nivå og opp til tunell.

– Når båtane skal inn med mannskap til vindmøller kan ein senka fartøyet rundt 1,5 meter ned i sjøen, og dermed flytta personell tryggare frå fartøy til vindmøller sjølv i bølgjer, fortel Oma.

- Annonse -

Båtane vil få passasjersertifikat for inntil 55 personer og skal operera i offshore vindmølleparker i Danmark.

Oma Baatbyggeri har tidlegare levert skipet «FOB SWATH» til same rederi, og dei to nye båtane vert ei vidareføring av dette skipet.

Dei nye skipa skal stå ferdige i november 2020 og november 2021.

- Annonse -