Her er heile mannskapet som var med på fjorårets tur til Arendalsveka. No blir det ein ny kontrakt med Universitetet i Oslo. Foto: MS Sunnhordland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I fjor fekk veteranskipet frå Stord vist seg fram i bybiletet under Arendalsveka. No blir det ein ny sørlandstur, som gjesteskipet til UiO.

– Universitetet i Oslo vil gjenta suksessen frå 2018 ved å leige eit skip under Arendalsveka 2019, der UiO sine tilsette og deltakarar på UiO sine arrangement kan sove, og der UiO sine arrangement finn stad, skriv universitetet i ein offentleg anbodsprosess.

Det var MS Sunnhordland som hadde oppdraget i fjor, og i år er dei på ny blitt valt til å vere gjesteskipet til det største universitetet i landet.

– Veldig gledeleg

Verdien av kontrakten er på heile éin million kroner.

– Dette er eit av dei største oppdraga me har i året. Universitetet i Oslo er jo ein stor aktør med 6000 tilsette. Når dei no går for oss ein gong til, og me viser at me er konkurransedyktige på pris, så er det veldig gledeleg, seier Sigbjørn Framnes i MS Sunnhordland.

Under Arendalsveka i fjor fekk MS Sunnhordland storfint besøk av tidlegare statsminister Kåre Willoch (H). Foto: MS Sunnhordland

– Det er vel ekstra stas å bli vist fram på Arendalsveka?

- Annonse -
- Annonse -

– Det er klart. Det er mange beslutningstakarar til stades der. I fjor hadde me til dømes Kåre Willoch om bord.

– Ein grei stad for å drive litt lobbyisme for ein lokalpolitikar?

– For å seie det sånn, så var eg ikkje i tvil om å vere med på turen i fjor. Det var veldig kjekt. Eg fekk nytta høve til å snakke om Biltema-saka med kommunalministeren, så det var nyttig også som politikar.

- Annonse -

Mange oppdrag

Framnes fortel at dei no er i ferd med å spikre eit innhaldsrikt program for veteranskipet for sommarsesongen.

– Me har mange spennande førespurnader, og nokre førespurnader som ikkje er stadfesta. Me var til dømes i Trondheim i fjor, om me kjem oss der i år veit eg ikkje. Men det er ein del faste oppdrag i Sunnhordland som me vil vere med på, som Tysnesfest og andre festivalar. Me vil også ha eit oppdrag med Kværner når Sverdrup-plattforma skal forlate verftet.

Trass i mange oppdrag så går bedrifta framleis med underskot.

– Me treng kvart einaste oppdrag me kan få. Eg har ikkje tala i hovudet, men me enda opp med eit underskot i fjor. Me har ikkje lukkast med søknadane våre for å få støtte. Me får ingenting frå Riksantikvaren. Det er me skuffa over. Me er heilt avhengig av offentleg støtte viss me skal lukkast.

Framnes fortel at dei no vil jobbe med å få oppdrag for MS Sunnhordland også i vinterhalvåret, men då som hotellskip.

– Sommaren er jo høgsesongen, og så er me interessert i å få meir å gjer i vintersesongen. Me har rekna oss på nokre prisar på verft, som hotellskip for arbeidarar. Det hadde passa oss veldig godt.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -