- Annonse -

Oma Baatbyggeri AS og Norled AS har signert kontrakt om levering av to katamaranar med kapasitet for 296 passasjerar.

Båttypane er ei vidareutvikling av dei anerkjende Oma Passasjerkatamaranane som verftet har levert mange av til forskjellige norske reiarlag.

Dei to katamaranane skal setjast i passasjertrafikk i Troms i ruta mellom Tromsø, Finnsnes og Harstad.

Full aktivitet ved verftet

Daglig leder Gustav Oma er svært nøgd med den nye kontrakten.

– Desse kontraktane saman med våre båtane me no held på med sikrar full aktivitet ved verftet ut heile 2019, seier Oma.

Katamaranen vil bli tilsvarande tidlegare byggeprosjekt Oma Baatbyggeri har gjort for Norled.

Oma Baatbyggeri har skaffa seg fleire viktige kontraktar i løpet av det siste året. I november signerte dei kontrakt med Boreal om bygging av ei ny elektrisk ferje som skal setjast i drift i Hordaland.

- Annonse -

Kontrakten kom berre to månadar etter Oma signerte ein kontrakt av bygging av eit fartøy for Offshore Windservice AS.

Gode og sikre båtar

Regionssjef Hurtigbåt i Norled, Bjørn Egil Søndenå, er godt nøgd med å tildele kontrakten til Oma Baatbyggeri.

– Me har jobba tett saman med Oma Baatbyggeri i mange år, og veit at dei byggjer fartøy som er sikre og gir gode reiseopplevingar.

Han viser til at turisme er ei næring i vekst, som også skapar ringverknadar for mange andre næringar, som for Oma Baatbyggeri.

– Turisme er ein brasje som har potensiale til å bidra til sysselsetjing i distrikta når oljeaktiviteten fell. Som transportør speler me ei nøkkelrolle i å utvikle nye og attraktive produkt. Føresetnaden for dette er gode fartøy, og det er me trygge på at Oma leverer.

Det var i mai at Norled vann den store anbodskontrakten for hurtigbådsambandet mellom Tromsø og Harstad. Dermed styrkar selskapet posisjonen sin som det største hurtigbåtselskapet i Norge. Dei er også verdas femte største hurtigbåtoperatør.

 

Slik vil interiøret bli i dei nye hurtigbåtane.