"Fitjarbuen" Ole Bergesen saman med Anne Marith Sandhåland og Britt-Synnøve Johansen. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter at Ole Bergesen og ensemblet hans hadde gått berserk på scenen i vel ein time, stod jubelen i taket i revyteltet ved Fitjar Fjordhotell fredag kveld.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Som vanleg når det er revy i Fitjar, fekk publikum mykje å gle seg over, då Ole Bergesen sette i gang med galskapen sin på scenen.

Så bra blei premieren på årets revy «Går berserk» at me rakk knapt å sakna Terje Træet, som måtte melda avbod i år. Og det seier ikkje lite.

Reserven Anne Marith Sandhåland kom inn og gjorde fleire nummer som såg ut til å gle publikum. Men som vanleg er det Ole Bergesen sjølv som er det store trekkplasteret, der han «går berserk» med den gamle travaren Øystein Kloster og ikkje fullt så gamle Ole André Westerheim.

Songen nådde nye høgder

Dei to sistnemnde har flotte songrøyster, og veit å bruka røystene sine. God song har i fleire år vore varemerket til Sommarrevyen på Fitjar. Og songen nådde nye høgder i går kveld, med Britt-Synnøve Johansen. Publikum blei kjent med henne i 1989, då ho vann den norske finalen i Eurovisjon Song Contest, og seinare har ho hatt suksess blant anna med ei framsyning om Edith Piaf.

- Annonse -
- Annonse -

Litt av dette repertoaret hadde ho teke med seg til Fitjar. Og songen var så flott at me ikkje rakk å høyra etter dei humoristiske poenga i det første nummeret hennar. Songen til tonane frå Edith Piafs sin «Non, je ne regrette rien» var rett og slett for flott!

Etter kvart gjekk revyen inn i gamle spor med ei rekkje nye og gamle nummer med slåande formuleringar som fekk publikum til å gapskratta. Heilt som normalt, og som normalt utan skjemmande ukvemsord og vulgær underbuksehumor. Det er godt gjort, når sjølve glansnummeret til Ole Bergesen er den sleiske ufordragelege «Fitjarbuen». Men eit døme på at i Ole Bergesen har me ein humorist frå øvste hylle.

Øystein Kloster som rådmann Atle Tornes og Britt-Synnøve Johansen som ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Kjetil Rydland

Stolpejakt med Fitjarbuen

Som vanleg var «Fitjarbuen» avslutningsnummeret; også denne gongen hadde dei klart å fornya nummeret med ny tekst. Og me må nesten sitera noko av det beste: «Har du lyst å gå på stolpejakt – det er berre å lasta ned appen min!»

Men før me kom så langt, hadde me fått ei rekkje nummer som heldt eit høgt nivå, både når det gjeld tekst og skodespelarprestasjonar. Dei kom vel frå nummeret om asylsaka i Øvrebygda, med fleire stikk til Sylvi Listhaug og til politiet: Korfor har du våpen med? spør den vesle asylsøkjarungen, og politimanne svarer: – Jo det må me for å skapa fred!

Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland fekk gjennomgå i Ole Bergesen sin sketsj om den kjende «Fiskadamo». Ho er leiar i komiteen for næring, miljø og kultur i Stord kommune, og gir Fitjar kommune ei gåve – nemleg Fiskadamo – til Fitjar kommune.

Og mottakar på vegner av Fitjar kommune er også Bente Bjelland! Det gjorde ikkje nummeret mindre artig at «Fiskadamo» skal monterast midt på Mølle 12 «Agnar», av Gisle Levåg!

- Annonse -
Gisle Levåg skal montera Fiskadamo som Bente Bjelland på vegner av Stord kommune har gitt til Fitjar kommune og Bente Bjelland. Foto: Kjetil Rydland.

Britt-Synnøve Johansen og Øystein Kloster gjorde stor lykke i nummeret der ordførar Wenche Tislevoll tek avskjed med rådmann Atle Tornes. Songen er fantastisk, og teksten er ikkje mykje dårlegare. Her florerer dei slåande formuleringane, til dømes denne lagt i munnen på Øystein Kloster som rådmann: – Våg å gje! Slepp skatten laus!

Beste revypremieren

Saman med Ole André Westerheim gjer og songfuglen frå Haugesund eit flott nummer om dei to kattane frå Smedholmen som burde fått stell av Fitjar kommune. Her gjennomfører dei to eit heilt nydeleg potpurri av kjende og kjære hitlåtar.

Gårsdagens framsyning er nok den beste revypremieren me har vore på i Fitjar. Gode tekstar, sikker framføring og ein song som er til å bli på gråten av. Kan det bli betre?

Me skreiv i fjor at revymiljøet i Fitjar framleis er ei utømeleg kjelde til lått og løye. Me gjentar dette og gler oss framleis like mykje over at primus motor Ole Bergesen held koken. Her var mykje å gle seg over, og nøler ikkje med å anbefala årets revy. Det er berre å få seg billett å komma seg på revy før det er for seint.

SOMMARREVYEN I FITJAR

«GÅR BERSERK»

Premiere: Fredag 1. juni.

Scene: Revyteltet, Fitjar Fjordhotell

Medverkande: Anne Marith Sandhåland, Britt-Synnøve Johansen, Øystein Kloster, Ole André Westerheim og Ole Bergesen,

Orkester: Svein Ragnar Myklebust, Rudolf Fredly, Jan Evald Kleppe og Ole Rasmus Hjelle.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -