Skisse over korleis ishallen på Vikahaugane kan bli.
- Annonse -

Den stipulerte prisen for den planlagte ishallen på Vabakkjen har auka til minst 50 millionar kroner.

I fjor løyva kommunestyret pengar til å laga ei forstudie for å gi svar på fleire spørsmål knytt til realiseringa av den lenge planlagde ishallen på Vikahaugane.

Tidlegare har prisen vore estimert til mellom 40 og 45 millionar kroner, men forstudien som no er ferdig spår at hallen kjem til å koste minst 50 millionar kroner.

Kostnadsoverslaget som er sett opp bygger på at ishallen vert bygd som ein stålkonstruksjon, og det vert peikt på særleg usikkerheit knytt til korleis prisen på stål varierer. Auke i stålprisar kan medføre at hallen blir dyrare enn 50 millionar kroner.

I rapporten vert det også peika på grunntilhøva ved deler av tomta ikkje har blitt skikkeleg undersøkt med tanke på oppføring av eit større bygg. Det kan også vere med å dra opp prisen.

Skeisegruppa har registrert stor interesse
blant folk for etablering av ein hockeyklubb på Stord. Curlingbane kan også vere aktuelt. Her frå ein annan norsk ishall.

Må garantere for to tredjedeler av prisen

Så kjem spørsmålet om finansieringa. Her har det heile tida vore snakk om eit stort spleiselag mellom idrettslag, sponsorar, spelemidlar, fylkeskommunale midlar og kommunale midlar. Men i forstudien er det klart at det er Stord kommune som må gå i bresjen for hallen, dersom den skal verta  realisert. Prisen som Stord kommune må betale er 15,5 millionar kroner.

- Annonse -
- Annonse -

I tillegg må Stord kommune garantere for 11 millionar som ein vil få tllbake i form av spelemidlar og 6 millionar kroner som kan bli løyva frå fylkeskommunen. Dermed må minst 32,5 millionar av den stipulerte prislappen på 50 millionar kroner bli garantert for av Stord kommune.

For at ishallen skal bli finansiert av momskompensasjon, må Stord kommune stå som byggherre. Det vil også bety at det er kommunen som må ta på seg risikoen for uføresette kostnadar.

Rådmannen skriv at han er positiv til forstudien som er laga.

–  Rådmannen deler også prosjektgruppa sinevurderingar av at dette vil vera eit godt prosjekt for idretten og for folkehelsa. Det vil kunna gje ringverknader til næringslivet og gje eit løft til Stord som regionsenter.

– Eg vil strekke meg langt

Bente Bjelland (Ap) er leiar i NMK-komiteen, og gir tommelen opp for ishall-prosjektet. Arkivfoto: Kjetil Rydland

Leiar i komité for næring, miljø og kultur, Bente Bjelland (Ap), er positiv til prosjeket.

- Annonse -

– Eg er for at me skal gjere alt me kan for å behalde istilbodet til folk. Fordi dette er eit lågterskeltilbod som er veldig bra for dei som ikkje driv med organisert idrett. Då er dette eit veldig bra alternativ som ein enkelt kan kome seg til.

Bjelland understreker at ho ikkje har fått lese forstudien endå, og at finansieringa er noko som må avklarast nærmare.

– No må me sjå om me kan ta oss råd til det. Men eg vil at me skal strekke oss langt, for det er så viktig og så mange som brukar tilbodet. Skeisegruppa har eit veldig seriøst opplegg, og det er flott for Stord at me kan tilby noko slikt, seier Bjelland.

Ser på større inntektspotensiale

Driftsutgiftene til ein ishall som er i heilårsbruk er estimert til å utgjere omlag 2,76 millionar kroner, mot 1,5 millionar for dagens skeisebane.

Inntekter frå energisal kan bidra til å dekke noko av straumutgiftene ved anlegget. Utleige av ishallen er estimert å kunne gi inntekter på mellom 50 000 og 100 000 kroner for ulike arrangement.

– Inntekter på drift av ein ishall kan aukast om kommunen tar inn billettinntekter, og driv utleige av hallen, står det i rapporten.

Det vart ved framlegg til budsjett for 2019 vurdert at kommunen kan spare 1,1 mill. kr på å legge ned drifta av skeisebaneanlegget. Kommunestyret vedtok å vidareføre drifta med 500 000 kroner, noko som i praksis fører til at bana vert drifta fram til april 2019.

Den direkte kostnaden ved å opna banen igjen i november 2019 vil kosta drygt 1 million kroner for kommunen.

- Annonse -