- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein ny rapport frå Menon Economics viser at Stord er byen som vil få størst verdiskapingsgevinst per innbyggjar som eit resultat av Hordfast.

Rapporten, som er bestilt at Hordfast AS, gir eit svært positivt svar på samfunnsnytten av det planlagde brusamband mellom Stord og Os.

– Dei fleste store vegprosjekt i Norge er berekna til å vere ulønsamme. Hordfast er eit unntak. Tala viser at dette er eit svært lønsamt prosjekt, konkluderar rapporten.

Samfunnsnytten er blitt rekna ut av fire faktorar: Spart reisetid, auka trafikktryggleik, mindre miljøutslepp og mindre vedlikehaldskostnadar.

Øyvind Halleraker er dagleg leiar i Hordfast AS. Foto: Wikimedia Commons

– Svært gode nyhende

Rapporten viser at heile Norge kjem til å dra nytte av Hordfast. Størst er nytten ikkje overraskande i Hordaland og Rogaland, som vil stå for 41 % og 21 % av produktivitetsvinsten frå prosjektet.

Men går ein ned på bynivå, er det Stord som vil tene aller mest på Hordfast i følgje rapporten. Per innbyggjar er det ingen stadar der verdiskapinga vil bli større. I reine tal er det Bergen som vil få den største verdiskapingsvinsten av Hordfast.

- Annonse -

– Denne rapporten er svært gode nyhende for Hordfast. Den viser at prosjektet, som allereie er estimert til å bli svært lønsamt for samfunnet, blir endå meir lønsamt, seier Øyvind Halleraker i pådrivarselskapet Hordfast AS.

Betre integrert arbeidsmarknad

Grunnen til at Menon kjem fram til at Hordfast er meir lønsam enn tidlegare berekna, er at dei også har teke med korleis Hordfast vil auke produktiviteten i næringslivet.

– Vanlege kost/nytte-analysar fangar ikkje opp heile nytten a samferdselsprosjekt. Ringverknadane kjem i tillegg, og vil bidra til å gjere Hordfast endå meir lønsamt.

Det vert peika på at reduserte reisekostnadar mellom byane på vestlandet fører til betre integrerte arbeidsmarknadar og auka kunnskapsutveksling. Det fører igjen til auka produktivitet og verdiskaping.

– Prosjektet gir til dømes stor redusksjon i reisekostnadane for arbeids- og forretningsreiser, og vil knyte saman tenesteytande næringar, står det i rapporten.

Sparar fleire milliardar

Menon understreker at det er vanskeleg å kalkulere kor stor denne produktivitetsvinsten vil vere for samfunnet. Men i rapporten kjem dei med eit estimat på 3,5 milliardar kroner.

– Hordfast vil med høgt sannsyn utløyse produktivitetsverknader på fleire milliardar kroner.

Tidlegare vart det anslått at kvar budsjettkrone brukt på Hordfast ville gi ein gevinst på 79øre. Tek ein med produktivitetsvinsten frå Menon sin rapport, endar ein opp med 93 øre per krone brukt.

- Annonse -