Denne innsirkla bustaden på toppen av Håvåsen nyleg for ni millionar kroner. Fasaden på bustaden er betydeleg oppgradert etter at dette bilete vart teke. Foto: Google maps
- Annonse -

Aldri før har nokon betalt så myke pengar for ein bruktbustad på Stord.

På toppen av Håvåsen like ved Hystad skule ragar bustaden på nær 300 kvadratmeter i terrenget.

No har huset fått nye eigarar, til ein prislapp på 9 millionar kroner. Det er ein soleklar prisrekord for brukte bustadar på Stord.

Det er Åge Lien, tidlegare administrerande direktør i næringsselskapet Atheno, som har selt einebustaden. Han kjøpte huset for 5,2 millionar kroner i 2011. I løpet av desse åra har han gjort betydelege oppgraderingar, og har no altså selt huset for ein 3,8 millionar kroner høgare pris.

– Eg har oppgradert huset for nokre millionar, for å seie det slik. Så er dette eit ganske unikt objekt. Det ligg jo heilt på toppen og har ein fantastisk utsikt. Huset er plassert over to tomter og ligg heilt for seg sjølv. Dermed så blei det dette beløpet, seier Lien.

Huset vart bygd i 1975 av Jan Fjellbirkeland, som var overlege på Stord sjukehus.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det var på den tida då overlegen var skikkeleg overlege. Det er vel det ein i dag ville kalt sjefslegen på sjukehuset. Han budde der fram til han døydde. Eg overtok då huset i 2011.

Einebustaden er teikna av arkitekt Jostein Molden frå Bergen, som også teikna Stord sjukehus i 1970.

– Det er vanskeleg å sjå at huset er bygd i 1975. Det har ein veldig tidlaus stil, sier Lien.

Huset vart selt privat. Dei nye eigarane av huset ønskjer ikkje å kommentere kjøpet.

- Annonse -