Foto: WHI
- Annonse -

Tilfelle nummer to som er stadfesta med koronaviruset i Stord er registrert, opplyser Stord kommune.

Smittekjelda til det nye tilfellet skal vere det same som den første personen som fekk påvist koronasmitte i løpet av helga.

– Det heng saman med tidlegare kjend smittestad for det første tilfellet. Vedkomande var såleis i karantene ei tid også før prøven vart teken.

Det nye smittetilfellet blei påvist seint onsdag kveld.

Kommunen opplyser at alle kjende nærkontaktar til desse tilfella sit i heimekarantene og fleire har hatt dette heilt sidan før det første tilfellet på Stord. Det får såleis ikkje konsekvensar for nokon andre.

– Folk treng såleis ikkje kontakta Koronasenteret om dei lurer på om dei kan har vore utsett for smitte. Smittekjelda er utanfor Stord og aktuelle nærkontaktar er varsla for karantene, opplyser kommunen.

- Annonse -

Koronasenteret opna onsdag og held til i Blåbygget i Sagvåg. All koronatesting føregår no i dette lokalet.

Stord kommune understrekar viktigheita til å overhalde karantenereglane.

– Dette viser at det er viktig at dei som er i karantene gjennomfører denne tilfredsstillande. Me kan då «ringe inn» smitten kring kvart einskildtilfelle som vert påvist og såleis dempa smitten utanfor husstanden. Dette er eit viktig grep som alle må vera med på å bruka i kampen mot dette viruset.

Per 19. mars er det 94 personar som no er blitt testa på Stord.