Kommunelege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Til saman tre personar er no smitta i Stord kommune.

123 personar er no testa for koronaviruset i Stord kommune per laurdag. Same dag fekk ein ny person positivt svar på koronatesten, slik at talet på koronasmitta på Stord no er tre personar.

Kommuneoverlege i Stord kommune, Lars Helge Sørheim, seier til Stord24 at det nye smittetilfellet har blitt smitta i utlandet.

– Dette gjeld utanlandssmitte som stammar frå smitteutbrotet i Austerrike.

Sørheim seier at stordabuen ikkje er alvorleg sjuk.

– Det går bra med den det gjeld, seier kommunelegen.

- Annonse -

Bømlo kommune har også fått eit nytt tilfelle av koronavirus, og er oppe i to tilfelle. Personen som er smitta skal ha relasjon til den første personen som testa positivt i førre veke.

Fredag meldte rådmannen i Fitjar kommune at ein tilsett på Fitjar bu- og behandlingssenter er blitt smitta av korona. Som følgje av dette er det iverksett omfattande tiltak på sjukeheimen, der tre tilsette er satt i heimekarantene og ti bebuarar er blitt isolerte på romma sine.

Det er no oppretta eigen koronasentral for Stord og Fitjar i Blåbygget i Sagvåg, og ein kommunal koronatelefon som er bemanna mellom klokka 08 til 22 på kvardagen. Nummeret ein kan ringe er: 53 49 66 66.