Stord kommune har no 14 tilfelle av koronasmitte. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein nærkontakt av eit tidlegare kjent smittetilfelle på Stord har testa positivt for Covid-19.

Stord kommune melder måndag at kommunen har fått sitt 14. tilfelle av korona.

– Dette er ein av nærkontaktane til eit tidlegare kjent smittetilfelle knytt til utbrotet i Bergen, og som er sett i karantane frå før av, opplysar smittevernlege Lars Helge Sørheim.

Sørheim seier at resultatet var venta, og legg til at dette nye tilfellet av smitte ikkje krevjer smittesporing ettersom den smitta allereie var i karantene då vedkomande fekk symptom.

– Personen hadde ikkje alvorlege symptom ved testing, og det er ingen nye nærkontaktar.