Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Onsdag vart det femte tilfellet av koronasmitte så langt denne veka registrert på Stord.

Det melder Stord kommune på sine nettsider. Den smitta personen er ei kvinne i 30-åra. Ho vart meldt covid-19-positiv etter test teken 1. juni.

– Nærkontakt til kjend, lokal smitte, i karantene, skriv kommunen.

Kvinna er no isolert og skal ha lette symptom. Smittesporing er gjennomført og det er nærkontaktar i husstand.

Tilfellet er det femte hittil denne veka, etter at fire personar vart meldt smitta tysdag. Det totale smittetalet i kommunen er no 305.