Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Onsdag melder Stord kommune om eit nytt smittetilfelle.

Sidan julaftan har totalt fire personar fått påvist Covid-19 i Stord kommune. Tre av desse, inkludert det siste tilfellet onsdag, er nærkontaktar av tidlegare kjent smitta.

– Kvinne i 30-åra meldt Covid-19 positiv etter test 28.12, skriv kommunen om det nyaste tilfellet.

Kvinna er isolert og sporing går føre seg.

Dei tre andre tilfella vart alle registrert måndag. Ved utgangen av førre veke hadde det blitt gjennomført 7 145 testar i kommunen. Totalt 184 har fått påvist koronaviruset.

Ikkje nye tilfelle elles i Sunnhordland

Det er ikkje registrert nye tilfelle korkje i Fitjar eller Kvinnherad kommunar sidan 23. desember. I Bømlo kommune er det ikkje påvist Covid-19 det siste døgnet.

- Annonse -

Kommunen skriv på nettstaden sin at dei opphevar dei lokale tilrådingane om heimekarantane, sterk avgrensing av sosial kontakt og munnbind på offentleg stad frå og med måndag 4. januar.

Bømlo kommune takkar for innsatsen

Frå 4. januar vil tilrådingane og retningslinjene på Bømlo vere lik dei nasjonale. Kommunen presiserar at det forutsett at smittesituasjonen ikkje endrar seg i negativ retning.

– Takk for innsatsen så langt alle saman! Lat oss stå løpet ut søndag, så kan me vonlegvis starte det nye året med kontroll på smittesituasjonen, oppmodar kommunen.

– Dette vil gjere vaksinasjon og vaksinasjonsplanlegginga monaleg enklare.