Foto: Folkeaksjonen Nei til meir bompengar
- Annonse -

Alle dei fire regjeringspartia og Arbeidarpartiet går kraftig tilbake i ny meiningsmåling for Vestland fylke.

Alle dei fire regjeringspartia tapar terreng i høve valresultatet i 2015. Det kjem fram i meiningsmålinga som er utført av Sentio Research for NRK og avisene i Sogn, der 1000 respondentar har svart.

Høgre går tilbake 5,1 prosentpoeng i heimfylket til statsministeren, og får ei oppslutnad på 15,1 i målinga. Framstegspartiet mister ein tredjedel av oppslutnaden, og får 6 prosent oppslutnad på målinga, som er ei tilbakegang på 3,4 prosentpoeng. KrF fr 4,7 prosent (tilbake 2,7) og Venstre får 4,2 prosent (tilbake 1,8).

Men den største prosentvise nedgangen på målinga er det Arbeidarpartiet som får. 23,3 prosent av dei spurte svarar at dei vil røyste Ap, noko som er ei nedgang på 8,7 prosentpoeng samanlikna med 2015.

Likevel er fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun (Ap) nøgd med resultatet i målinga.

– Eg vil seie at dette er ei knallmåling for oss i Ap. Det er utruleg kjekt at me er det største partiet, seier Hestetun til NRK.

- Annonse -

Vinnarane på målinga er Miljøpartiet Dei Grøne og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB), som saman får nær 20 prosent av røystene. MDG doblar seg frå 2015, og får ei oppslutnad på 9,8, og protestpartiet FNB får 9,9 prosent av røystene.

Dermed kan det vere opp til desse to partia å bestemme kva av dei to blokkene som vil styre i fylkespolitikken dei neste fire åra.

Raudt og SV går også fram på målingane, med høvesvis 4 prosent (fram 2,6) og 7,7 prosent (fram 2,5).

Referansetala frå 2015 er valresultata i Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman.

- Annonse -