Viking Neptun. Foto: Morten Vika/Eidesvik Offshore.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Har sikra seg oppdrag med stor subsea-entreprenør.

Fredag blei det kjent at «Viking Neptun», flaggskipet til Eidesvik Offshore, har kapra seg ein langkontrakt med subsea-entreprenøren Ocean Installer. Kontrakten startar i 2020 og er forventa å vare til 2021.

– Me er svært nøgd med kontrakten og ser fram til å arbeide tett med Ocean Installer. Denne kontrakten stadfestar vår tru på denne marknaden for 2020 og utover, seier administrerande direktør Jan Fredrik Meling i ei pressemelding.

Dei siste månadane har offshore-reiarlaget på Langevåg fått tildelt fleire kontraktar innanfor seismikk, supply og subsea. I november fekk «Viking Neptun» forlenga kontrakten sin med Merkur Offshore fram til mai. Parallelt med dette gjekk selskapet inn for ein avtale med eit dotterselskap av CGG, om ein ny kontrakt for kjeldeskipet «Veritas Viking».

- Annonse -

Eidesvik Offshore har hatt eit tøft økonomisk år sett opp i mot fjoråret. I andre kvartal i år gjekk reiarlaget i underskot med heile 105,6 millionar kroner. Til samanlikning enda andre kvartal i fjor med eit overskot på heile 201,1 millionar kroner.

Med fleire oppdrag og færre skip i opplag, er det ikkje utenkjeleg at den økonomiske situasjonen vil kunne endre seg dei neste åra.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -