Stord sjukehus. Foto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Tysdag opplyser Helse Fonna at dei no har to personar innlagde med påvist Covid-19. Begge på Stord sjukehus.

Måndag kom meldinga om at ein person med Covid-19 vart innlagt på Stord sjukehus. Innlegginga tysdag vert difor den andre så langt denne veka.

Den nye pasienten er i aldersgruppa 18-64 år, melder Helse Fonna.

Stord sjukehus er det einaste av dei tre sjukehusa i Helse Fonna som per tysdag har innlagde pasientar med påvist Covid-19. Ingen av desse får intensivbehandling.