Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Det melder Helse Fonna torsdag.

Ytterlegare éin person med påvist Covid-19 er innlagt på Stord sjukehus. Personen er over 65 år.

Også måndag denne veka vart ein koronasmitta innlagt ved det same sjukehuset. Denne personen er i aldersgruppa 18-64 år.

Ingen av dei to pasientane får intensivbehandling og er per torsdag dei einaste innlagte med Covid-19 i Helse Fonna, etter at ein pasient nyleg vart utskriven frå Haugesund sjukehus.