Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Søndag vart det lagt inn endå ein pasient med påvist Covid 19 på Stord sjukehus. Pasienten er i aldersgruppa 18-64 år.

Dette er den andre pasienten med Covid 19-smitte som er innlagt på Stord sjukehus i løpet av helga, og den tredje i Helse Fonna.

Laurdag kom det èin pasient med Covid 19 til Stord sjukehus, og èin vart innlagt på Odda sjukehus, melder Helse Fonna.

– Alle pasientane er vaksne, i aldersgruppa 18-64 år, og ingen av dei får intensiv behandling, opplyser kommunikasjonssjef Magne Kydland.

Helse Fonna bestemte søndag formiddag å stengja sjukehuset for besøkande inntil vidare. Grunngjevinga er den store auken i talet på smitta personar i Stord kommune dei siste dagane.