Stord sjukehus. Foto: Helse Fonna
- Annonse -

Talet på pasientar med påvist Covid-19 har no auka til to.

Det melder Helse Fonna onsdag i sin daglege oppdatering for status koronapasientar i helseføretaket.

På Haugesund sjukehus er det no sju koronapasientar, to av desse får intensivbehandling. Det er ingen på Odda sjukehus.

Det var ved midnatt registrert 4.656 tilfelle av koronasmitte i Noreg, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Dette er ein auke på 210 tilfelle siste døgn. Dei siste to dagane er auken på 429 tilfelle.

I alt 318 koronapasientar var tysdag innlagde på sjukehus, tre færre enn måndag. 97 personar får intensivbehandling med respirator, som var uendra sidan dagen før. Det var tysdag registrert 39 døde som følgje av sjukdommen.

- Annonse -