Bilde av fartøyet. FOTO: Napier
- Annonse -

Båtbyggjarselskapet på Fitjar har signert kontrakt med Bømlo-selskapet Napier for bygging av ein prosessbåt, med opsjon på endå ein båt.

Båten vil ferdigstillast i desember 2018, og vil vere Båten er 43 meter lang, 11 meter brei og har ein lastekapasitet på 300 tonn.

– Me har valt å kontrahere båten utan fast avtale. Me har stor interesse for konseptet og trur at båten vil klare seg godt i ein spotmarknad, fortel Kjetil Tufteland i Napier i ei pressemelding.

Prosessbåten er designa slik at båten skal kunne lastast kvar dag, og vil vere utstyrt med eit eige blodreinseanlegg, skriv iLaks.

- Annonse -

Napier er eigar av prosessbåten«Tauranga», og har utvikla konseptet under kontrakt med Marine Harvest. Arbeidet starta i 2006, og har vore i kontinuerleg utvikling sidan, heiter det i pressemeldinga.

Verdien av kontrakten er ikkje kjend. Det er berre eit par månadar sidan Fitjar Mekaniske Verkstad og Salt Ship Deisgn inngjekk samarbeid om levering av ein fisketrålar til ein verdi av 200 millionar kroner.

- Annonse -