Knallastart for Reko-ringen Sunnhordland 21. januar. Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
- Annonse -

– Kundane er hoppande glade når produsentane i Reko-ringen kjem med varene, og elskar å handle mat på denne måten, fortel Birgit Almås.

Ho og andre lokalmatprodusentar drog i gang Sunnhordland sin eigen Reko-ring denne veka, etter å ha sett kor godt dette fungerte på Haugalandet. «Reko» tyder rettferdig konsum og er ein ny, lokal salskanal for kortreist mat, der produsenten leverer til kunden.

På ei Facebook-side legg produsenten ut annonse for produkta sine. Der kan kven som helst gå inn og bestille matvarer. Den lokale Reko-ringen har så faste dagar annan kvar veke der dei leverer ut matvarene direkte til kunden og får betalt.

Premiere 20. februar

– Premieren for Reko-ringen Sunnhordland blir 20. februar på parkeringsplassen ved Plantasjen på Heiane, fortel Almås, og vil halde fram kvar onsdag i partalsveker.

Ho er svært oppglødd av den store interessa det viste seg å vere for dette også på denne sida av Bømlafjorden. Heile 25 produsentar og interesserte møtte opp på skipingsmøte hos Matfatet Sunnhordland i Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine lokale på Leirvik.

– Erfaringane me har frå å reise til Haugesund og selje brød via Reko-ringen Haugalandet er så gode at eg kontakta Samarbeidsrådet og deira matklynge Matfatet Sunnhordland for å høyre om me kunne gjere noko liknande her i vår region. Etter 3-4 dagar har me over 600 medlemmer på Facebook-sida me starta denne veka.

- Annonse -

Desse representerte eit vidt spekter av produkt frå urter og spirer, honning, grønnsaker, brød, lefser, kjøt av svin, sau, geit, kyr, kalkun, and, ost, vaktelegg, hønseegg og mykje anna ein kan finne rundt om på gardane i Sunnhodland.

Vilkåret for å vere med i Reko-ringen er at ein produserer maten sjølv, eller at det er eit biprodukt av eigen produksjon.

Reko-ringen på Haugalandet har hatt utlevering ved Meieriet i Karmsundsgata, men plassen er blitt for liten og dei har flytta til parkeringsplassen ved Amandasenteret på Raglamyr. Foto: Reko-ringen Haugalandet

– Kundane set stor pris på å kunne møte produsentane, spørje om kvar og korleis maten blir produsert, og me får verdfulle tilbakemeldingar på produkta våre, fortel ho. Direktesal på denne måten gjer at dei små matbedriftene slepp fordyrande ledd for å nå ut til kundane. Sjølve vareutleveringa tek ca. ein halvtime.

– Me opplever ein vinn-vinn-situasjon der matsvinnet er lik null fordi alt er bestilt på førehand, fortel Birgit Almås, som sjølv lagar surdeigsbrød og anna bakst ilag med systera Gjertrud i firmaet Heimalaga godsaker på Spissøy.

Har tatt av i Noreg

Rebekka Bond, prosjektleiar i NBS for Reko-ring, fortel til Stord24 at etter at den første Reko-ringen vart starta i Ålesund i 2017, er det etablert 40 ringar rundt om i heile Noreg.

– Dette har vist seg å vere veldig positivt både for kundar og produsentar. Gardsbutikken oppsøkjer kundane, i staden for at kundane må dra frå gard til gard. For mange av desse små betyr det alt å kunne ha ein slik salskanal. Ja, eg har snakka med folk som seier at på grunn av Reko-ring vågar dei å gå i gang med lokalmatproduksjon, seier Bond.

Reko-ringar kom i stand etter eit initiativ frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) som starta det treårige lokalmatprosjektet Matnyttig i 2017. Eit av tiltaka var Reko-ring etter modell frå Finland og Sverige, der dette er blitt veldig populært. Alle som har godkjende eigenproduserte produkt kan ta del i Reko-ringen, og står sjølv ansvarlege for mattryggleik og sal.