Frode Hølleland har kjøpt Grand Hotel. Foto: Grand Hotel/Midtsiden
- Annonse -

Investoren som har kjøpt Grand Hotel har trua på hotellmarknaden på Stord dei neste åra.

Førre veke vart det kjent at eigdedomsivestor Frode Hølleland har kjøpt det tradisjonsrike sentrumshotellet Grand Hotel i Leirvik sentrum. Me tok ein prat med investoren frå Bergen.

– Kor mykje måtte du ut med for hotellet?

– Nei, prisen er konfidensiell. Utover det, så er den ikkje så spennande. Ein betalar sjølvsagt høgare pris i Bergen.

– Korleis ser du på hotellmarknaden på Stord?

– Det er ein betre marknad på Stord enn i Bergen. Næringslivet på Stord har mange og langsikige kontraktar, og hotella her rettar seg jo i stor grad mot næringslivet. Eg er veldig positiv til utviklinga på Stord. Hotellmarknaden i Bergen er til samanlikning veldig overmetta.

- Annonse -

– Kor mykje rehabilitering må gjerast?

– Det trengs ein del jobb, me vil jo at hotellet skal framstå betre enn i dag. Eg vil at det skal vere eit fint bygg. Men det er bra teknisk tilstand på bygget. Det er bygd i betong, så det held seg bra.

– Korleis skal hotellet drivast i det daglege?

– Eg kjøper jo eigedomen, og så må me diskutere kven som skal vere leigetakar og drive hotellet. Om det blir dei same som i dag får me sjå. Skal me ha inn ei kjede så er hotellet i dag for lite. Då må ein ha eit større hotell. Så det kan bli aktuelt å ekspandere.

– Kva andre planar har du på Stord?

– Dette er berre ein start. Eg kjem til å gjere noko meir butikk når eg først er i gang på Stord. Kanskje få inn nokre andre leigetakarar i tilknyting til hotellet, til dømes ein restaurant. Det kan også vere aktuelt å utvide hotellet, enten med fleire hotellrom eller leilegheiter.

– Det skal truleg byggast eit nytt hotell ved kaienfronten i Leirvik, fryktar du konkurransen?

– Eg har fått med meg planane, men slik eg forstår er det ein god del år til dette blir realisert. Eg har god tid til å posisjonere meg mot dei.

– Kva blir første steget no?

– Eg overtok hotellet i hui og hast rett før sommarferien, så eg har ikkje lagt noko plan. No skal eg til Stord om ei veke og begynne på planane.

- Annonse -