Denne trålaren er teikna av Salt Ship Design.
- Annonse -

Selskapet har utvikla ein ny trålar for Tege Rederi, som skal byggast i Tyrkia.

Den 86 meter lange trålaren vert av selskapet skildra som eit av Norges største og mest moderne fikefartøya der miljøomsyn og innovasjon står i førarsetet.

Kontrakten med reiarlaget frå Herøy i Møre og Romsdal blei signert fredag.

Det nye fiskefartøyet er designa og utvikla av Salt Ship Design, og vil få namnet Sunny Lady.

– Navnet er historisk og arva frå eit tidlegare LNG-fartøy som reiarfamilien tidlegare har hatt eigarskap til. Med eit fremtidsretta fiskefartøydesign og miljøtenkning til grunn bygger no Sigurd Teige eit skip som møter framtida sine krav til utslepp og klima, opplyser selskapa.

Det nye fiskefartøyet kan bli optimalisert slik at drifta blir så energieffektiv om mogleg, der det vil vere ein LNG-tank i kombinasjon med diesel, samt ein stor batteripakke.

- Annonse -

– Dette vil spare miljøpet for eit utslepp av klimaskadeleg NOx, tilsvarande 50.000 personbilar. Me ønskjer å drive berekraftig hausting av fisk, og for oss er det viktig å redusere klimaavtrykket, seier fiskebåtreiar Sigurd Teige.

– Med fokus på effektivitet og miljøtenkning vil det nye fiskefartøyet optimaliserast slik at drifta blir så energieffektiv som mogleg, seier Teige.

- Annonse -